Hopp til innhold

Ledige vikariat som radiograf

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF, Radiologisk avdeling

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Oppstart
4. januar 2027
Stillingstittel
Ledige vikariat som radiograf
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Antall stillinger
6

Søk på jobben

Søk senest søndag 25. oktober

Radiologisk avdeling i Helse Bergen er ein moderne og høgteknologisk arbeidsplass som nyttar Sectra RIS og PACS-system, og ein utstyrspark i toppklasse. Her jobbar over 350 flinke folk, kring 160 av dei er radiografar, fordelt på fleire seksjonar med eiga fagmiljø og leiing.

Seksjon for Barn/Unge CT/Generell har fleire ledige vikariat frå starten av 2027. Hovudsakleg 100% vikariat, men deltidsvikariat kan og vera aktuelt.
På vår seksjon jobbar radiografane med varierte oppgåver; konvensjonell røntgen, gjennomlysning, CT, MR, og dei bistår også radiologar med ultralyd. Det er mogeleg med både utelukkande dagtidsarbeid, eller turnusarbeid med varierande vaktbelastning.


Arbeidsoppgåver

  • Radiograffaglege oppgåver
  • Merkantile oppgåver
  • Pasientadministrasjon
  • Delta i seksjonane sine interne kontrollrutinar
  • Delta i fagleg utvikling

Du må

  • Ha norsk autorisasjon som radiograf
  • Meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ha gode IKT-kunnskapar

Vi ser føre oss at du

  • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Er fagleg interessert, fleksibel og sjølvstendig
  • Er strukturert, nøyaktig og påliteleg

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hege Kristin Hommedal Blom, Seksjonsleiar, +47 55975221, hege.kristin.hommedal.blom@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5194101380
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 25.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Hege Kristin Hommedal Blom

Seksjonsleiar

+47 55975221

hege.kristin.hommedal.blom@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ec5d3988-f1fa-4ce9-8157-4688700d70da

Sist endret

14. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

80fe7a60768e4f62b840d8e9b369772e

Lignende annonser

Laster lignende annonser