Lærling Dyrefag
OPK-SE - Naturbruk og Dyrefag, Vestland fylkeskommune
Fanavegen 249, 5244 Fana, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærling Dyrefag
Oppstart
20. oktober 2025
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. oktober
Stend Vgs søkjer etter ein ny lærling ved smådyravdelinga på skulen.
Arbeidsoppgåver
Du er med på å drifte smådyravdelinga med stell av dyra i lag med driftsansvarleg. Daglege oppgåver er å stelle dyr som ikkje inngår i dagens undervisning, leggje til rette for at Stends elevar får god praktisk undervisning med yrkesretta oppgåver. Du kommuniserer med, og legg til rette for, elevar og lærarar. Du kan òg inngå i anna drift- og utviklingsarbeid.Kvalifikasjonar
Gjennomgått og bestått Vg1 naturbruk
Gjennomgått og bestått Vg2 Heste- og dyrefag med vekt på dyrefag (dyrehelse/hund), hestefag eller Vg2 Landbruk- og gartnernæring
Personlege eigenskapar
Du har eit ekte engasjement for dyr og velferda til dyrDu brenn for at elevar på Stend VGS får den beste skuledagen
Du har gode kommunikasjonsevner og har lett for å ha kontakt med elevar, voksne eller ein kunde
Du er ryddig og reinsleg
Du vekkjer tillit og er truverdig
Du er interessert i kunnskapsutvikling i dyrefaget Du kan samarbeide med andre, samt jobbe sjølvstendig
Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
Fagleg opplæring og utvikling i samsvar med læreplan
Fagprøve ved slutten av læretida
Stend er ein arbeidsplass med eit godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord
Kontaktinformasjon
Janne Seilen, avdelingsleiar, 92094232Arbeidsstad
Fanavegen 2495244 Fana
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5017588771
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 20.10.2025
Sluttdato: 19.10.2027
Søknadsfrist: 02.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Janne Seilen
avdelingsleiar
92094232
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ec31c0ec-6983-410a-9353-6ca819d1a469
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b69b193140224dea8888e4c9ead69c79