Apotekteknikar
SIF Sjukehusapoteket i Førde, Sjukehusapoteka Vest
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Apotekteknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. september
På sjukehusapoteket i Førde er vi ei fin blanding av apotekteknikarar, assistentar, farmasøytar og to sjukepleiarar. Hos oss får du rundt 30 trivelege og dyktige kollegaer, fordelt på fire ulike avdelingar. I produksjonsavdelinga lagar vi spesialtilpassa legemiddel til pasientar, i sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Førde får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept. I avdeling for farmasøytisk rådgjeving hjelper vi legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell med trygg og riktig bruk av legemiddel.
Vi har også eit spennande arbeid med å etablere farmasitun på Førde sentralsjukehus. Dette er eit slags avansert medisinrom som ligg plassert tett opp til pasientbehandlinga på sengepostane. I farmasitunet skal medarbeidarar hovudsakleg frå sjukehusapoteket vårt gjere legemiddeloppgåver tidlegare utført av sjukepleiarar.
Frå før av er det ti apotekteknikarar og fem assistentar her på apoteket, og no ser vi etter deg som vil styrke gjengen vår ytterlegare. Vi har to faste stillingar og éi vikarstilling ledig. Som apotekteknikar bidrar du kvar arbeidsdag til at pasientar får legemidla dei treng og brukar dei på rett måte. Dei fire avdelingane samarbeider tett, og du får sjansen til og må forvente å arbeide i fleire av dei.
Vi forventar ikkje at du har erfaring med alle oppgåvene frå før, men at du har lyst og interesse for å lære. Elles ser vi etter deg som ønskjer å bidra til levere gode tenester til sjukehus og pasientar, som likar å ta på seg nye oppgåver, som set pris på å samarbeide med andre og har lyst å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Om Førde
Førde ligg vakkert til ved utløpet av Jølstra-elva, omkransa av flotte fjordar og fjell. Med sine om lag 10 500 innbyggjarar og eit blomstrande lokalsamfunn, er Førde ein stad som har samla mange tilflyttarar. Byen og Sunnfjord kommune satsar på kultur- og fritidstilbod, med ei rekkje arrangement gjennom året og eit breitt spekter av aktivitetar og tilbod for både barn og vaksne. Uavhengig om du er glad i friluftsliv, idrett eller kultur, vil du finne noko som passar for deg.
For deg som vurderer å flytte til Førde for å jobbe hos oss på sjukehusapoteket, kan vi òg hjelpe deg med å finne bustad dersom det er behov.
Vi ser fram til å høyre frå deg – og ta gjerne kontakt om du lurer på noko.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva avdeling du jobbar i, her er nokre eksempel:
- tilverke legemiddel til bruk på sjukehuset
- reinhald av produksjonsrom og utstyr
- gje råd og samarbeide tett med helsepersonell på sjukehusetresept- og ordrebehandling i publikumsavdelinga
- rådgjeving og sal av medisinar til pasientar og kundar
- handtere bestilling og levering av legemiddel til sjukehuset
Andre oppgåver kan komme til ved behov.
Kvalifikasjonar
- ønskeleg med norsk autorisasjon som apotekteknikar
- Vi ser både etter deg som er nyutdanna apotekteknikar, du som har jobba i apotek og ønskjer å prøve noko nytt, eller du som har jobba i andre sektorar og ønskjer nye utfordringar i eit sjukehusapotek
- Du som har anna relevant helsefagleg utdanningsbakgrunn eller ønskjer å jobbe med desse arbeidsoppgåvene, er også velkommen til å søke og å bli vurdert
- bestått treårig vidaregåande skule
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- du ønskjer å bidra til gode tenester for sjukehusa, du trivs godt i lag med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel, nøyaktig og opptatt av kvalitet i arbeidet
- Du kan jobbe sjølvstendig og tek ansvar
- Du trivst med nye arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- fagleg og personleg utvikling, blant anna gjennom varierte arbeidsoppgåver og kompetansebygging
- eit arbeidsmiljø der vi ønskjer god takhøgd og rom for latter og humor
- Du får sjølvsagt løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Vesna Tanaskovic Lien, Konst. apoteker, +47 48670295, vesna.tanaskovic.lien@sav.noArbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka VestReferansenr.: 5011908865
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 17.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ec1b8ca7-04c7-4dcc-b14e-c659784dbe5d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
676f1b0f829a4cbea6216c3f7f255d2e