Overlege hud og venerologi
REVMATOLOGI OG HUD, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overlege hud og venerologi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. oktober
Er du hudlege med eit brennande engasjement for faget, samtidig som du har lyst å vere med å utvikle framtidas helseteneste for desse pasientane?
Da ønsker vi å ha med nettopp DEG på laget!
Hud poliklinikk i Kristiansund har ledig fast 100 % stilling for overlege innan hud og venerologi.
Seksjonen arbeider framtidsretta og utforskar korleis teknologi kan bidra til å vidareutvikle tenestene våre. Vi har allereie innført behovsstyrt oppfølging for utvalde pasientgrupper, og er i startfasen med å implementere teledermatologi.
Helse Møre og Romsdal HF har hudpoliklinikkar både i Kristiansund og Ålesund, med totalt fire overlegestillingar innan hud- og venerologi. På grunn av stor pågang av tilvisingar ser vi behov for å styrke kapasiteten, og vi ønskjer derfor å knyte til oss fleire hudlegar.
Vi søker deg som ønsker ein variert og fagleg utfordrande kvardag innan eit spennande medisinsk felt. Hos oss får du høve til å vere med på å vidareutvikle hud- og venerologifaget saman med engasjerte og dyktige kollegaer.
Seksjonen er godkjent som utdanningsinstitusjon innan dermatologi, og tilbyr behandling innan generell dermatologi, inkludert mindre hudkirurgiske inngrep. Vi har ikkje sengepost og det er heller ikkje knytt vaktberedskap til stillinga.
Oppstart kan avtalast etter nærare dialog.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av alle typer hudsjukdommar
- Veiledning av lege i spesialisering
Kvalifikasjonar
- Godkjent norsk spesialitet innan hud og venerologiske sjukdommar
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er ansvarsbevisst
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du deler gjerne kunnskap med andre
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø og gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at vitnemål og attester vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.Kontaktinformasjon
Ida Grøtta Barstad, Seksjonsleiar, 70105458, Ida.Grotta.Barstad@helse-mr.noArbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5024296306
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ebb9248e-e622-4946-8c80-98eec24168a4
- Hentet fra
talentech
- Referanse
454bd9434d6e4e199d2dd7d3664e49d9