Fast stilling (100%) og Vikariat (80 %) som sjukepleiar ved Austevoll pleie- og omsorgssenter
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø
Om jobben
- Stillingstittel
- 100% stilling fast og 80% vikariat som sjukepleiar ved Austevoll pleie- og omsorgssenter
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. september
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Om stillinga
Ledige stillingar som sjukepleiar100 % fast stilling er i hovudsak knytt til Somatisk avdeling og inngår i turnus med dag- og kveldsvakter. Full stilling utgjer 35,5 timar per veke og omfattar arbeid kvar tredje helg, eventuelt langvakter med arbeid kvar fjerde helg.
80 % svangerskapsvikariat på natt er ledig frå 07.12.2026 til 31.12.2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga inngår i natturnus med arbeid kvar tredje helg.
Austevoll kommune er i omstilling, og arbeids- og ansvarsområda kan difor bli endra.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar vil du i hovudsak:
• utføre tilsyn, observasjon og faglege vurderingar av bebuarar og brukarar
• handtere akutte situasjonar og endringar i helsetilstand på ein trygg og fagleg forsvarleg måte
• ivareta grunnleggjande pleie, smerte- og ubehags lindring, og bidra til ro og tryggleik for bebuar og brukar
• utføre gjeldande sjukepleiarprosedyrar, som medisinhandtering, stell, prøvetaking m.m.
• dokumentere observasjonar, tiltak og hendingar i det elektroniske pasientjournalsystemet Profil
• samarbeide tett med kollegaer og andre faggrupper for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp
• bidra til orden, klargjering og kvalitet i avdelinga før vaktskifte.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav:- Off. godkjent sjukepleiar
- Gyldig politiattest
- Førarkort klasse B
• likar å arbeide med menneske
• kan jobbe sjølvstendig og strukturert
• er trygg, ansvarsbevisst og påliteleg
• er empatisk og god til å kommunisere
• er løysingsorientert og samarbeidsvillig
• held hovudet kaldt og er stabil i krevjande situasjonar
• bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
• har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
• Ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass med høg kvalitet i pasientbehandlinga
• God opplæring og tett oppfølging i starten
• Gode mogelegheiter for fagleg utvikling, til dømes gjennom kurs
• Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med brei tverrfagleg kompetanse
• Årsturnus, der du får høve til å påverke turnusen du skal gå i
• Konkurransedyktig løn etter tariff, tillegg og gode pensjons- og forsikringsordningar
• Moderne og godt utstyrte arbeidslokale
Slik søker du på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktpersoner for stillingen
Anne Marie Njåstad
Avdelingsleiar Somatisk avdeling
+47 994 88 242
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sørvest i Vestland fylke. Kommunen er den største fiskerikommunen i landet, med høg næringsaktivitet og eit mangfald av spennande jobbar.
Administrasjonskontoret ligg i kommunehuset på Storebø, om lag fem minutt med bil frå ferje- og hurtigbåtkaia.
Austevoll har om lag 5500 innbyggarar. Rundt 700 personar pendlar til kommunen frå nabokommunane kvar dag.
Vi er om lag 450 fast tilsette som arbeider for å gi innbyggarane gode kommunale tenester.
Bur du i Austevoll, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Ordninga gjeld frå januar 2026. Du kan lese meir på nettsidene til Lånekassen.
Hos oss får du meiningsfylte og utfordrande oppgåver, og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eb1f3ca4-db85-4e8c-ac5c-a8c5c7fade36
- Sist endret
11. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10308939