Radiograf
RADIOLOGI VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Radiograf
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. oktober
Seksjon Volda ved avdeling for radiologi Ålesund/Volda søkjer etter ein radiograf i turnus som har lyst på ein spennande arbeidskvardag med oppgåver frå traumer til polikliniske pasientar. Arbeidsoppgåvene er varierte og ein får jobbe både sjølvstendig og i team.
Seksjonen har ledig eit vikariat som radiograf fram til 1. november 2026 med moglegheit for forlenging.
Radiologisk avdeling i Volda er godt utstyrt med CT, MR, tre skjelettrøntgen-laboratorium, ultralyd og osteodensitometri. Vi har eit stabilt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige tilsette. I dag har avdelinga 16 radiografstillingar, der 12 inngår i ei roterande tredelt turnusordning. Vi har særleg behov for radiograf som kan inngå i turnus, men vi ønskjer òg kontakt med kandidatar som av ulike grunnar og for ein periode, ønskjer å arbeide dagtid.
Volda sjukehus har traumefunksjon, og det skjer ei stor utvikling ved sjukehuset med utviding og modernisering. Vi har nyleg fått ny MR-maskin og nytt konvensjonelt røntgenlaboratorium, og ny CT-maskin er planlagt installert i januar 2026.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Utføre radiograffagleg arbeid i tråd med gjeldande prosedyrar
- Arbeide ved alle laboratoria (CT, MR, konvensjonell røntgen med og utan gjennomlysing, ultralyd og osteodensitometri)
- Medverke til forsvarleg og effektiv pasientbehandling, samtidig som pasientane sitt behov for omsorg og pleie vert ivareteke
- Bidra til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø i tett samarbeid med kollegaer
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som radiograf med norsk godkjenning
- Erfaring frå CT, MR og generell radiografi er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Du arbeider sjølvstendig, målretta og tek ansvar
- Du lærer raskt og er open for ny kunnskap
- Du er positiv og har gode samarbeidsevner
- Du er fagleg engasjert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er initiativrik, løysingsorientert og fleksibel
Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Lisbeth Skipenes Andersen, Seksjonsleiar, lisbeth.andersen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5023299627
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 16.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eb039791-4e4c-4dbc-943c-91c05880bf1c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9eb798a618eb46489539309dd2f03040