Logistikkoperatør Sivilforsvaret
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
2850 Lena, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Logistikkoperatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 28. oktober
Eininga for logistikk og materiell ved Sivilforsvarets kompetansesenter (SFK) søkjer etter ein strukturert og effektiv person til stillinga som logistikkoperatør ved sentrallageret til Sivilforsvaret. Dersom du er interessert i å jobbe i ein beredskapsorganisasjon, og samstundes trivst med praktisk arbeid, kan du vere den rette for oss. Vi ser etter kandidatar som i tillegg til fagbrev i logistikk, har dei personlege eigenskapane som skal til for å bidra positivt til dei totale leveransane og arbeidsmiljøet til eininga.
Du skal
Kvalifikasjonar
Du må ha:
Vi ønskjer at du har:
Vilkår
Fast stilling som fagarbeidar med fagbrev (stillingskode 1203) eller fagarbeidar (stillingskode 1117) med årsløn frå kr 530 000-585 000. Søkjarar som ikkje har fagbrev på tidspunktet for tilsetjinga blir tilsette under føresetnad av at fagbrev som privatist blir erverva etter tiltreding.
TryggleiksklareringDen som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret, eininga og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og vert leia av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskap som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, som kvar leiast av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvarets hovudoppdrag er å beskytte befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har mynde og ansvar for ei rekkje sivile beskyttelsestiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørge for at det blir oppretthaldt god beredskap i heile landet og vera forsterkningsressurs når naudetatane og andre styremakter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrker beståande av tenestepliktige mannskap og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 230 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar.
Sivilforsvarets kompetansesenter (SFK) har fleire nasjonale oppgåver innan utdanning, tenestepliktforvaltning, materiell og logistikk. Alle dei 8000 tenestepliktige i Sivilforsvaret får grunnopplæring og vidaregåande opplæring ved SFK. Kompetansesenteret er også det nasjonale fagmiljøet for materiell og logistikk, og driftar Sivilforsvaret sitt sentrallager for nasjonalt materiell.
SFK er organisert i tre einingar, kvar leia av ein einingsleiar. Stillinga som materiellrådgjevar høyrer til eining for logistikk og materiell (LOM). Dei andre einingane har ansvar for kompetanse og tenestepliktforvaltning, samt administrasjon og leirdrift. Kontorstad er Starum, Innlandet. Det er forventa at tilsette ved eining for logistikk og materiell som hovudregel er fysisk til stades på kontoret, utanom tenestereiser. Sivilforsvaret er ein uniformert beredskapsetat. I særskilde tilfelle kan det bli nødvendig å setje beredskapsvakt, med krav om oppmøte på Starum innan om lag éin time.
Som logistikkoperatør ved Sivilforsvarets sentrallager skal du ta vare på alle nødvendige oppgåver innan lagerdrift, inkludert varemottak, lagring, plukk og utsending av materiell – både fysisk og i Sivilforsvarets digitale materiellforvaltingssystem. Du skal òg bidra ved utlevering av bekledning og personleg utrusting til Sivilforsvarets tenestepliktige, kvalitetsgjennomgang av innlevert materiell og bekledningsartiklar, og støtte samarbeidspartnarar med forvalting av lagerført materiell. Vi ser etter deg som er dedikert i jobben, og som tek initiativ til å utføre både førefallande oppgåver og kjem med forslag til, og gjennomfører, utviklings- og effektiviseringstiltak. Ein logistikkoperatør ved Sivilforsvarets sentrallager må vere komfortabel med og interessert i bruk og forbetring av digitale system, like fysisk arbeid og kunne opptre tillitsskapande i samhandling med interne og eksterne. Som logistikkoperatør ved SFK-LOM må du kunne tilpasse deg eininga sine behov, og vere villig til å byte fagområde ved behov. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde i tilsetjinga på lik linje med fagkompetanse.
Det må påreknast noko reiseverksemd i samband med seminar og besøk til sivilforsvarsdistrikta, om lag 15 reisedøgn i året.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
Ingunn Iren Mæhlum, einingsleiar:
E-post: ingunn.mehlum@dsb.no
Telefon: 61 14 10 18
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på jobb.dsb.no/search
Velkomen som søkjar hos oss!
Du skal
- utføre praktisk lagerarbeid som varemottak og -sending, lagerlegging, teljing, ordreplukk og kassasjon
- nytte det digitale forvaltingssystemet til Sivilforsvaret før, under og etter praktisk arbeidsutføring
- utføre enklare administrative oppgåver og saksbehandling i Office
- bidra i den totale oppgåveløysinga ved eininga, til dømes ved å assistere med opplæring og rettleiing til sivilforsvarsdistrikta innanfor digitalt materiellforvaltningssystem, logistikk og praktisk materiellforvalting
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fagbrev logistikk. Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
- erfaring i bruk av digitale materiellforvaltingssystem og saksbehandlingsverktøy (Office)
- truckførarbevis T1-T4
- førarkort klasse B
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, og gode munnlege engelskkunnskapar
- følgjande personlege eigenskapar:
- strukturert – du jobbar systematisk, følgjer opp og leverer på fristar
- lagspelar - du samarbeider godt og deler kunnskap
- tillitsskapande – du framstår som imøtekommande i dialog med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- gjennomføringsevne - du prioriterer og sikrar framdrift
- initiativrik – du tar initiativ til forbetring og bidreg til effektive arbeidsprosessar
Vi ønskjer at du har:
- erfaring frå logistikk- og lagerverksemd
- kjennskap til beredskapsmateriell
- teknisk innsikt
- forståing og interesse for digitalisering innanfor faget
Vilkår
Fast stilling som fagarbeidar med fagbrev (stillingskode 1203) eller fagarbeidar (stillingskode 1117) med årsløn frå kr 530 000-585 000. Søkjarar som ikkje har fagbrev på tidspunktet for tilsetjinga blir tilsette under føresetnad av at fagbrev som privatist blir erverva etter tiltreding.
TryggleiksklareringDen som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret, eininga og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og vert leia av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskap som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, som kvar leiast av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvarets hovudoppdrag er å beskytte befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har mynde og ansvar for ei rekkje sivile beskyttelsestiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørge for at det blir oppretthaldt god beredskap i heile landet og vera forsterkningsressurs når naudetatane og andre styremakter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrker beståande av tenestepliktige mannskap og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 230 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar.
Sivilforsvarets kompetansesenter (SFK) har fleire nasjonale oppgåver innan utdanning, tenestepliktforvaltning, materiell og logistikk. Alle dei 8000 tenestepliktige i Sivilforsvaret får grunnopplæring og vidaregåande opplæring ved SFK. Kompetansesenteret er også det nasjonale fagmiljøet for materiell og logistikk, og driftar Sivilforsvaret sitt sentrallager for nasjonalt materiell.
SFK er organisert i tre einingar, kvar leia av ein einingsleiar. Stillinga som materiellrådgjevar høyrer til eining for logistikk og materiell (LOM). Dei andre einingane har ansvar for kompetanse og tenestepliktforvaltning, samt administrasjon og leirdrift. Kontorstad er Starum, Innlandet. Det er forventa at tilsette ved eining for logistikk og materiell som hovudregel er fysisk til stades på kontoret, utanom tenestereiser. Sivilforsvaret er ein uniformert beredskapsetat. I særskilde tilfelle kan det bli nødvendig å setje beredskapsvakt, med krav om oppmøte på Starum innan om lag éin time.
Som logistikkoperatør ved Sivilforsvarets sentrallager skal du ta vare på alle nødvendige oppgåver innan lagerdrift, inkludert varemottak, lagring, plukk og utsending av materiell – både fysisk og i Sivilforsvarets digitale materiellforvaltingssystem. Du skal òg bidra ved utlevering av bekledning og personleg utrusting til Sivilforsvarets tenestepliktige, kvalitetsgjennomgang av innlevert materiell og bekledningsartiklar, og støtte samarbeidspartnarar med forvalting av lagerført materiell. Vi ser etter deg som er dedikert i jobben, og som tek initiativ til å utføre både førefallande oppgåver og kjem med forslag til, og gjennomfører, utviklings- og effektiviseringstiltak. Ein logistikkoperatør ved Sivilforsvarets sentrallager må vere komfortabel med og interessert i bruk og forbetring av digitale system, like fysisk arbeid og kunne opptre tillitsskapande i samhandling med interne og eksterne. Som logistikkoperatør ved SFK-LOM må du kunne tilpasse deg eininga sine behov, og vere villig til å byte fagområde ved behov. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde i tilsetjinga på lik linje med fagkompetanse.
Det må påreknast noko reiseverksemd i samband med seminar og besøk til sivilforsvarsdistrikta, om lag 15 reisedøgn i året.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
- fleksibel arbeidstid
- bedriftshelseteneste
- høve til å trene i arbeidstida
- tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
Ingunn Iren Mæhlum, einingsleiar:
E-post: ingunn.mehlum@dsb.no
Telefon: 61 14 10 18
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på jobb.dsb.no/search
Velkomen som søkjar hos oss!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eb015a6b-3c6e-4278-b81a-e760f261d200
- Hentet fra
sap
- Referanse
1329 1810VETR log/LOM