Lærar i fellesfag
OPK-OD - Odda vgs, Vestland fylkeskommune
5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar i fellesfag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 19. september
Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Sus & Dus, Morellfestivalen og Siderfestivalen.
Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 275 elevar og 55 tilsette, som er fordelt på studieførebuande program og yrkesfagleg program. Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.
Skulen søkjer etter lærar med undervisningskompetanse i vidaregåande skule i fleire fellesfag, gjerne master med engelsk og matematikk i fagkretsen. Stillingen er på 100% og fast.
Arbeidsoppgåver
Undervisning i fellesfag på studiespesialiserande og yrkesfag.Planlegge og gjennomføre opplæring i tråd med læreplanmåla.
Delta i lærarteam og pedagogisk utviklingsarbeid.
Tilretteleggje og samarbeide om eit godt og effektivt læringsmiljø.
Samarbeid med kollegaer og føresette.
Oppgåver som kontaktlærar, undervisning i tilrettelagte grupper og for minoritesspråklege kan vere aktuelt
Kvalifikasjonar
Formell fagleg og pedagogisk utdanning som kvalifiserer for undervisning i vidaregåande skule.Ønskjeleg med undervisningserfaring.
Erfaring med bruk av IKT som arbeidsverktøy.
Personlege eigenskapar
Engasjert i faga dine og motivert til å undervisa ungdomar.Tydeleg klasseleiar, med evne til å skapa gode elevrelasjonar og godt klassemiljø.
Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du ser behova til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du arbeider strukturert og systematisk.
Du har gode digitale ferdigheiter
Du har gode skriftlege og munnlege norskferdigheiter.
Vi tilbyr
Ein moderne skule med eit aktivt og godt arbeidsmiljø.
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i ein skule med mangfold og utvikling.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Geir Veland, rektor , 97143273Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5012322858
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Geir Veland
rektor
97143273
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eb004407-abf5-4a1d-a52f-485c64bde47a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
47b703771c1e4aae81df1d9d7e52586e