Rådgjevar/seniorrådgjevar
Kompetansesenter for distriktsutvikling
Askedalen 4, 6863 Leikanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar/seniorrådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 8. oktober
Om stillinga
Distriktssenteret søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rådgjevar til avdeling Tenester i lokalsamfunn, med kontorstad Leikanger i Sogndal.
Vi ser etter deg som vil vere med på å styrkje utviklingskapasiteten i distriktskommunar og lokalsamfunn, og som trivst i skjeringspunktet mellom kunnskapsutvikling, formidling og samhandling. Du tek initiativ, byggjer relasjonar og ser moglegheiter for utvikling og innovasjon. Samtidig arbeider du strukturert og sjølvstendig, og har evne til å drive prosessar frå idé til gjennomføring.
Som rådgjevar hos oss blir du ein pådrivar for samarbeid mellom kommunar, statlege aktørar, frivillig sektor og næringsliv. Du vil arbeide med prosessar som skaper endring, og bidra til at gode idear blir omsette til praktiske løysingar. Du vil også arbeide med innspel til nasjonal politikkutvikling.
Arbeidsoppgåvene kan tilpassast noko etter kompetansen og erfaringa til den som blir tilsett.
Du vil jobbe mykje med å- utvikle, systematisere og formidle kunnskap om samfunns- og distriktsutvikling
- initiere og gjennomføre utviklingsprosessar saman med kommunar og andre aktørar
- bidra til læring, innovasjon og erfaringsdeling på tvers av sektorar og geografiske område
- omsetje innsikt og analyse til relevante råd, verktøy og faglege innspel
- samarbeide tett med kollegaer på tvers av fagområde og kontorstadar
- halde innlegg og presentasjonar, delta i prosjekt og arbeidsgrupper og dele kunnskap i organisasjonen
- gi faglege råd til departement og andre nasjonale aktørar t.d. gjennom høyringssvar og oppsummeringar av kunnskap
- skriving for nettsida vår i samarbeid med kommunikasjonsrådgjevarar
- utvikle Distriktssenteret sine verktøy, metodar og kunnskapsressursar
- er analytisk, relasjonssterk og utviklingsorientert
- har relevant høgare utdanning på masternivå innan samfunnsplanlegging, offentleg forvaltning, endringsleiing, innovasjon og omstilling i offentleg sektor, kommunal styring og leiing eller kommunikasjon. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- kan vise til relevant arbeidserfaring frå offentleg sektor eller arbeid med kommunar som målgruppe
- har god digital kompetanse og erfaring med digitale arbeidsverktøy
- har god munnleg og skriftleg formidlingsevne og kan skrive både nynorsk og bokmål
- erfaring med prosessleiing eller prosessarbeid
- kjennskap til omstillings- og endringsarbeid i offentleg sektor og kommunane si samfunnsutviklarrolle
- evne til å omsetje kunnskap til praktisk nytte for kommunar, verkemiddelaktørar og andre samarbeidspartnarar
- Vi ser etter deg som byggjer gode relasjonar og skaper resultat saman med andre.
- Du kommuniserer klart og tilpassar bodskap til ulike målgrupper.
- Du trivst med utvikling og endring, bidreg positivt til arbeidsmiljøet og er engasjert i samfunnsoppdraget vårt.
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
I Distriktssenteret får du
- fast stilling som
- rådgjevar i lønnsspenn frå kr 600 000 til 750 000 eller
- seniorrådgjevar i lønnsspenn frå kr 650 000 til 850 000
- I særskilde tilfelle kan høgare lønn bli vurdert.
- fleksibel arbeidstid og familievenleg personalpolitikk
- godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape resultat saman
- fagleg utvikling og arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
- trening i arbeidstida
- moderne kontorlokale i Leikanger
- medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av dei beste pensjonsordningane i landet
Meir om Distriktssenteret
Distriktssenteret skal styrke distriktskommunar si evne til innovasjon- og utviklingsarbeid, og distriktsbutikkar si overlevelsesevne. Som statleg kompetansesenter er det vår oppgåve å utvikle kunnskap, verktøy og metodar til bruk i utviklingsarbeid.
Distriktssenteret er styrt av Kommunal- og distriktsdepartementet, og har også som oppdrag å levere kunnskap til vidareutvikling av dei distriktspolitiske verkemidla departementet har ansvar for.
Vi er 28 tilsette fordelt på kontor i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger og har heile Distrikts-Noreg som arbeidsområde.
Alle kontora våre er moderne og er godt tilrettelagt for ein fleksibel arbeidskvardag. I Leikanger held vi til i same bygg som Digitaliseringsdirektoratet og Statens vegvesen.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar vi inn minst éin søkjar i kvar gruppe til intervju.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå å bli ført opp i offentleg søkjarliste, må du forklare kvifor. Opplysningar om deg kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje stå på søkjarlista. I så fall vil vi varsle deg først.
Tenkjer du at du er den rette for stillinga? Ikkje nøl med å sende ein søknad!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eabc4832-0a26-46dd-ac8f-2df982100e33
- Sist endret
17. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10309506