Likar du å arbeida med barn? Då treng Hagahaugen barnehage deg!
Voss herad Hagahaugen barnehage
Hagahaugvegen 30, 5707 Evanger
Om jobben
Stillingstittel
Barne og ungdomsarbeidar 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Hagahaugen barnehage har ledig 100% fast stilling som barne og ungdomsarbeidar frå 1.8.24
Om Hagahaugen barnehage:Hagahaugen barnehage starta opp i august 2022. Barnehagen har plass til 50 barn i alderen 1-6 år. Me held til på toppen av Voss, i Hagahaugen rehabilitetssenter, kring 2 km frå Voss sentrum.
Barnehagen har kort veg til skogen, og har fine turmoglegheiter rett utanfor døra. Alle barn som går i Hagahaugen barnehage skal få oppleve tryggleik, felleskap og meistring i kvardagen.
Voss herad tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- fagbrev som barne og ungdomsarbeidar
- andre søkjarar med relevant erfaring kan bli vurdert
Arbeidsoppgåver:
- planlegga og gjennomføra leikar og aktivitetar
- delta i daglege gjeremål som måltid, påkledning og stell
- vera ein god og varm vaksen som bidreg til at barna får rike og varierte opplevingar, erfaringar og utfordringar i barnehagen.
Me ynskjer:
- deg som er ein tydeleg vaksenperson med gode evner til omsorg
- deg som har fokus på barna sitt beste, er samarbeidsvillig og kan arbeida sjølvstendig
- deg som er utviklingsorientert, engasjert , fleksibel og løysingsorientert
- deg som er blid, omgjengelig og ein god lagspelar
Godkjend politiattest må framleggast før tiltreding i stillinga
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune
for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjordt sjølv om søkjaren har bede om ikkje å
verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg å legg ved vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2652629
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3350887_231995_nn