Ledig stilling i Etne kommune
Etne kommune Enge barnehage
Stadionvegen 5, 5590 Etne
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar, 80 % vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. oktober
Vil du vere med å skapa ein trygg, utviklande og inspirerande kvardag for barna våre?
Ved Enge barnehage har me ledig eit vikariat i perioden 01.01.2027 - 31.12.2027
Arbeidsoppgåver
- Planleggja, gjennomføra og vurdera det pedagogiske arbeidet i samsvar med barnehagelova og rammeplanen.
- Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for barna.
- Samarbeida tett med foreldre, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Delta aktivt i barnehagen sitt utviklingsarbeid.
- Vera ein positiv og engasjert bidragsytar i personalgruppa.
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barnehagelærar.
- Søkjarar med anna relevant pedagogisk utdanning kan verta vurderte.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing
Eigenskapar
- Er engasjert og oppteken av barna si utvikling og trivsel.
- Er fagleg bevisst og utviklingsorientert.
- Har gode samarbeidsevner.
- Er fleksibel, løysingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
Me tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar.
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Moglegheit for fagleg utvikling.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
Annan informasjon
Stillinga er i hovudsak knytt til Naturavdelinga ved Enge barnehage. Naturavdelinga er ein friluftsavdeling som nyttar eigen minibuss tre til fire dagar i veka. Barnegruppa reiser i hovudsak til si faste base på Osnes, der dei får utforska naturen gjennom leik, læring og varierte aktivitetar. Avdelinga gjennomfører også ekspedisjonar til ulike turmål både i og utanfor kommunen.
Som barnehagelærar på Naturavdelinga vil du få ei sentral rolle i arbeidet med å leggja til rette for gode naturopplevingar, utforsking, fysisk aktivitet og læring i autentiske miljø. Du må trivast ute i all slags vêr, vera glad i friluftsliv og sjå moglegheitene som ligg i naturen som arena for leik og utvikling.
Dette er ei spennande stilling for deg som ønskjer å kombinera pedagogisk arbeid med natur- og friluftsliv, og som ser verdien av å gje barn rike opplevingar utanfor barnehagegjerdet.
For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med
styrar Torhild Molland på telefon 97980115.
Me ser fram til å høyra frå deg!
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eaaca88c-ab8f-445a-99ad-dcaf8b7e59a6
- Sist endret
14. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3661607_213803_nn