Praktisk jobb på sjøen?
Osland Havbruk AS
Vikedal hurtigbåtkai, 5583 Vikedal
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftsoperatør
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Har du praktisk sans og lyst på ein arbeidskvardag på sjøen?
Vi søker driftsoperatør til eit eittårig vikariat med moglegheit for fast tilsetting på anlegget vårt på Skigelstrand.
Her blir du ein del av den daglege drifta med fisk, båt, anlegg og vedlikehald.
Du treng ikkje ha jobba i havbruk før. Vi ser først og fremst etter deg som er praktisk anlagt, tek ansvar og har lyst til å lære.
Arbeidsoppgåver
-
Dagleg ettersyn og røkting av fisk
-
Drift og vedlikehald av anlegg, utstyr og fartøy
-
Delta i ulike arbeidsoperasjonar gjennom produksjonssyklusen
-
Enkelt teknisk arbeid og praktisk problemløysing
-
Overvaking, registrering og rapportering
-
Følge opp HMS, kvalitet og rutinar på anlegget
-
Vere med på å finne gode og praktiske løysingar i kvardagen
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
-
er praktisk anlagt og likar fysisk arbeid
-
har teknisk interesse og forståing
-
er trygg på eller har erfaring med båt
-
tek ansvar og får ting gjort
-
kan arbeide sjølvstendig, men også trivst som del av eit lag
-
beherskar norsk munnleg og skriftleg
Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du har fagbrev innan akvakultur, mekaniske fag, elektro eller andre relevante fag.
D6, kran- og sikkerheitskurs er også positivt.
Jobbar du i dag med mekaniske fag, elektro, båt, industri eller anna praktisk arbeid, kan erfaringa di passe godt hos oss.
Vi tilbyr
-
100 % vikariat i eitt år, med moglegheit for fast stilling
-
Rotasjon 12--9
-
Ein praktisk og variert arbeidskvardag
-
Opplæring og gode moglegheiter til å utvikle deg i faget
-
Eit erfarent fagmiljø og gode folk å jobbe saman med
-
Konkurransedyktige vilkår
-
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontakt og søknad
Har du spørsmål om jobben?
Ta kontakt med driftsleiar Hege Skigelstrand på 994 72 729 eller hege.skigelstrand@osland.no.
Send CV og nokre ord om deg sjølv til jobb@osland.no.
Søknadsfrist: 31.08, Søknader blir vurderte fortløpande.
Om bedriften
I Team Osland jobbar rundt 70 personar med ulik bakgrunn og kompetanse.
Nokre har høgare utdanning, andre er praktikarar med mange års erfaring. Vi trur dei beste løysingane kjem når ulik kunnskap og erfaring jobbar saman.
Sidan 1963 har vi arbeidd med regnbogeaure, frå avl og genetikk til smolt og matfisk.
Kunnskap, kvalitet og vilje til å utvikle oss vidare står sentralt i måten vi jobbar på.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ea8a05cb-6b81-45f5-beb4-2f492bcf02a2
- Sist endret
20. august 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
473246393