Eplemøllar og tapperiarbeidar
Balholm AS
Villavegen 14, 6899 Balestrand
Om jobben
Vi søker etter ein produksjonsarbeidar som skal tørke pressmasse frå eplemostproduksjon og kverne han til mjøl. Ferdigproduktet blir brukt i bakverk til å binde væske og gi eplearoma. Idéen er at vi brukar heile eplet: mosten, fruktkjøtet, skalet og alt saman.
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Prosessoperatør, matproduksjon
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift, dagtid og kveld, ukedager
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. august
Send søknad til
Hva vi ser etter
Balholm er først ute med eplemjøl i Noreg, og det finst ingen oppskrifter å lene seg på. Vi reknar med at det blir utfordringar i det første produksjonsåret, og vi treng nokon med ei optimistisk innstilling og tolmod til å prøve og feile.
Du må vere vand med praktisk arbeid og maskiner. Helst har du truckførarbevis og erfaring frå mat- og drikkeindustrien.
Du må vere innstilt på å etablere deg i Balestrand. Dette er ei lita bygd midt i Sogn med livlege somrar og gråe vintrar. Her går det an å leve eit rikt liv utanom arbeidstida, men du må jobbe for det. Det kan vere vanskeleg å finne ein stad å bu, og vi kan hjelpe med å finne mellombels bustad.
Arbeidsoppgaver
Du får ansvar for produksjon av eplemjøl i fruktsesongen. Arbeidsstaden liknar på ei kornmølle, med tørke, frørensar og kvern, men det er pressa eple som er råvara, ikkje havre og bygg. Etter sesongen er ferdig vil du vere ein del av produksjonsteamet på tappelinja.
Haust og vinter
-
Drift av tørke-, frørense- og kvernanlegg
-
Pakking av 10 kg sekkar med eplemjøl
-
Reingjering av anlegga og enkelt vedlikehald
Vår og sommar
-
Arbeid på tappelinja
-
Pakking og lasting av bestillingar ved behov
Vi tilbyr
Du får vere med på oppstarten til ei ny og innovativ produksjonslinje, som er resultatet av eit forsking- og utviklingsprosjekt støtta av Norgesgruppen, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg.
Du får vere ein del av eit veksande team på 12 personar frå ulike yrkesbakgrunnar og land. Fleire har vore med i over 20 år.
Du får jobbe med utstyr av topp kvalitet. Dei siste åra har vi fornya store delar av maskinparken, og vi fortset å investere i løysingar som gir betre kvalitet og arbeidsflyt.
Du får rettferdig løn i ei stabil bedrift med tariffavtale. Vi gjer det vi kan for å sikre at du kan utvikle deg fagleg.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Balholm AS starta opp for 30 år sidan og produserer mange typar fruktdrikke, frå eplemost og limonade til sidrar og fruktvinar. Produkta blir selde over heile landet og har vunne mange prisar for kvalitet. Balholm er søsterbedrifta til Ciderhuset, som ligg eit par hundre meter unna.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ea44ffb4-5ec8-406e-85a9-5cbf98af6f42
- Sist endret
5. august 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ea44ffb4-5ec8-406e-85a9-5cbf98af6f42