Assisterande seksjonsleiar
Ambulanseområde Sunnfjord, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Oppstart
- 4. januar 2027
- Stillingstittel
- Assisterande seksjonsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. november
Stillinga er organisert i seksjon Sunnfjord og rapporterer til seksjonsleiar. Assisterande seksjonsleiar skal støtte seksjonsleiar i den daglege drifta og bidra til å møte dei aukande krava i ein kompleks og variert leiarkvardag.
Assisterande seksjonsleiar medverkar til effektiv arbeidsflyt og samhandling på tvers av avdelinga, seksjonane og linjeorganisasjonen. Stillinga omfattar samarbeid med fagområda kompetanse og bemanning, samt stabsfunksjonar innan logistikk. Arbeidsoppgåvene kan endre seg basert på erfaringar med den ny organisasjonsstruktur.
Som assisterande seksjonsleiar er du ein sentral del av leiinga i seksjonen og skal bidra til samanheng, stabil drift og god oppfølging av medarbeidarar og operativ verksemd.
Arbeidsoppgåver
- Vere stedfortredar for seksjonsleiar og delta i avdelinga si utvida leiargruppe.
- Bidra til planlegging, bemanning, turnusarbeid og ressursstyring for å sikre forsvarleg drift og beredskap.
- Følgje opp personalforvaltning, inkludert medarbeidardialog, sjukefråvær, medarbeidarsamtalar og oppfølging av nytilsette, studentar, lærlingar og vikarar.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø gjennom tett samarbeid med tilsette og vaktleiarar.
- Delta i rekruttering, opplæring og systematisk kompetanseutvikling.
- Medverke i beredskapsarbeid, risikovurderingar, kvalitetsforbetring og oppfølging av avvik.
- Fremje samhandling på tvers av seksjonar og samarbeid med interne og eksterne aktørar.
- Sikre god informasjonsflyt, kommunisere tydeleg og vere tett på drift ved avdelinga og seksjonen sine stasjonar.
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg bakgrunn, fortrinnsvis på bachelorgrad eller høgare. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Leiar/administrativ kompetanse/erfaring er ønskjeleg.
- Erfaring med turnusplanlegging, bemanningsstyring og personaloppfølging er ein fordel.
- God digital kompetanse og erfaring med relevante system.
- Erfaring med internkontroll, kvalitets- og forbetringsarbeid, inkludert avvikshandtering og oppfølging av tiltak er ønskjeleg.
Personlege eigenskapar
- Strukturert, ansvarsbevisst og gjennomføringssterk.
- Tydeleg og trygg i leiarrolla, med god vurderings- og beslutningsevne.
- Gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar på tvers av fagmiljø.
- Motiverer og utviklar medarbeidarar, og bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø.
- Fleksibel, løysingsorientert og komfortabel med høgt arbeidstempo.
- Evne til å kombinere operativ nærleik med heilskapleg perspektiv og kontinuerleg forbetring.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
- Fagleg og personleg utvikling
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Kompetanseutvikling i form av ei teneste i stor fagleg utvikling og eigen kompetanseplan
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
John Andor Ellingsund, Seksjonsleiar, 415 30 506, john.andor.ellingsund@helse-forde.noLeif Otto Halland, Kst avdelingssjef – prehospital avdeling, 415 30 504, leif.otto.halland@helse-forde.no
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5199521720
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 25.11.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ea25494c-b4ff-4424-a27c-5113d66fc18a
- Sist endret
5. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fd9937b2883b4cb1abf5a067e2cbb236