Hopp til innhold

Førde heimeteneste, eining 3 har ledig helgestilling

Arbeidsgiver

Sunnfjord kommune Førde bu- og miljøteneste, eining 3

Sted

Steinavegen 40, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Assistent
Type ansettelse
Fast, deltid 28%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 13. august

Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yter døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming og andre som har behov for langvarige og koordinerte tenester. Vi tilbyr tverrfagleg oppfølging med støtte, rettleiing og opplæring i daglege aktivitetar og gjeremål. Dette omfattar mellom anna hjelp til personleg hygiene, ernæring, sosial deltaking og meistring av både somatiske og psykiske utfordringar.

Vi har ledig ei fast helgestilling på 28 % som assistent, med arbeidsstad for tida på Vassenden.

Arbeidet er organisert i turnus med arbeid kvar fjerde helg. Stillinga inneber langvakter frå fredag morgon til søndag kveld, og vaktene kan ikkje delast opp. Arbeidstida er fredag, laurdag og søndag kl. 08.00–20.30. Arbeid i bustad der du følgjer opp ein tenestemottakar i eit butiltak

Arbeidsoppgåver

  • Gje praktisk bistand, støtte og rettleiing til tenestemottakarar.
  • Legge til rette for meistring, aktivitet og deltaking i kvardagslivet.
  • Følge opp individuelle mål, tiltak og planar.
  • Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar.
  • Dokumentere tenesteyting og nytte digitale fagsystem.

Vi søker deg som

  • Har erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming og/eller autismespekterforstyrringar.
  • Har interesse for å arbeide med menneske med samansette behov.
  • Er trygg i møte med andre og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
  • Er fleksibel, løysingsorientert og påliteleg.
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Har evne til refleksjon og bidreg til fagleg forsvarleg og etisk god praksis.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring og kunnskap frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming.
  • Kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • God digital kompetanse og evne til å ta i bruk aktuelle IT-verktøy.
  • Evne til å motivere og aktivisere tenestemottakarar.
  • Har førarkort klasse B (manuell gir).
  • Har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og meiningsfull stilling der du får gjere ein forskjell i andre sin kvardag.
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Varierte arbeidsoppgåver og moglegheit for fagleg utvikling.
  • Opplæring og rettleiing tilpassa behov.

Vi ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar særleg menn til å søke på stillinga.

Det vert kravd at du kan legge fram gyldig politiattest av ny dato før tiltreding i stillinga.

Velkomen som søkar!


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Einingsleiar Siri-Merethe Solheim

+47 986 85 240 +47 57 02 12 55

siri-merethe.solheim@sunnfjord.kommune.no

Om bedriften

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ea0355a7-162b-478c-955b-39f4e7913080

Sist endret

5. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3651085_202725_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser