Overlege ved Psykosepoliklinikk FACT Øyane DPS
Øyane DPS, Helse Bergen HF
Blombakkane 75, 5354 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege ved Øyane DPS
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. oktober
Vi lyser ut overlegestilling på Psykosepoliklinikk FACT. Vi ser etter deg som er fagleg engasjert og som har lyst på ein spennande jobb ved Psykosepoliklinikk FACT på Øyane DPS. Her får du moglegheit til å vere ein del av eit tverrfagleg team med fokus på god samhandling, fagleg utvikling og langvarig behandling av pasientar. Vi søker etter deg som er overlege som har eit engasjement for målgruppa vår. Du er fleksibel, liker å jobbe ambulant og ser moglegheiter i samarbeid med andre aktørar i helsetenesta og i pasientane sine nettverk. Vi ønsker at du skal bidra med vidareutviklinga av psykosefeltet på Øyane DPS, og du vil kunne vere med å utforme behandlingstilbodet. Vi reknar det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel, og kan tilby konkurransedyktige vilkår.
Psykosepoliklinikk FACT arbeider etter FACT modellen. Arbeidet vil derfor både innebere polikliniske og ambulerande oppgåver. Teamet ivaretar polikliniske oppgåver som utgreiing, diagnostisering og behandling av alle pasientar med psykoseliding eller mistanke om psykose. Seksjonen er godkjend for tvungen psykisk helsevern utan døgn. Teamet jobbbar tverrfagleg og er sett saman av psykiater, LIS3, psykologspesialist, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar, merkantil konsulent, erfaringskonsulent, musikkterapeut og IPS jobbspesialist.
Ved særskilde behov kan det vere aktuelt med arbeidsoppgåver innan dei andre delane av tilbodet ved Øyane DPS. LIS i slutten av spesialiseringsløp oppfordres til å søke.
Arbeidsoppgåver
- Vurdere, diagnostisere, kartlegge funksjonsnivå og utarbeide behandlingsmål saman med pasientane
- Oppfølging av pasientar på tvungen psykisk helsevern utan døgn
- Behandling og rehabilitering av pasientane
- Medisinsk- og spesialistfagleg ansvar
- Delta i og utvikle det tverrfaglege samarbeidet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i psykiatri
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Vi ser etter deg som er:
- Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert og taklar situasjonar med tryggleik, ro og fagleg haldning
- Du er beslutningsdyktig
- Du likar å jobbe tverrfagleg internt på eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Personleg egnaheit vektleggast
Vi tilbyr deg:
- Løn etter avtale
- Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar og fokus på læring og kunnskap
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hege Cecilie Sulen Lindtner, Seksjonsleiar, 92065951Arbeidsstad
Blombakkane 755354 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5181895689
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Hege Cecilie Sulen Lindtner
Seksjonsleiar
92065951
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e9e6a03e-64fa-4e7b-87f5-5849d9a5a5de
- Sist endret
17. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
72e68706952345e38ff746ff8cecb6fc