Sjukepleiar til Legevakt og Legekontor 80-100 % stilling
Legekontor/legevakt, Vinje kommune
212 Vinjevegen, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - 100% fast
Oppstart
1. desember 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Er du vår nye sjukepleiar, som vil vera med å skape Noregs fremste legevakt og legekontor?
Ambisiøst? Ja!
Urealistisk? Absolutt ikkje!
Men me treng DEG - ein engasjert og dyktig sjukepleiar - for å realisere visjonen vår.
Me har ledig ei stilling i 80-100 %, ved Tokke og Vinje legevakt og Vinje legekontor. Me leitar etter ein sjukepleiar som har lyst til å bli ein del av vårt team, som består av sjukepleiarar, helsesekretær og legar.
Å jobbe i legetenesta gir deg eit vidt spekter av oppgåver og utfordringar som skal løysast. Du må vera kreativ og kunne stole på eigne vurderingar. Du møter menneske i alle aldrar og mange spennande problemstillingar som gir læring og utvikling.
Arbeidsoppgåver
Legekontor- Blodprøvetakning og labratoriearbeid
- Sårstell og småkirurgiske assistansar
- Vaksinasjon
- Medisinhandtering
- Telefonrådgjeving
- Administrativt arbeid
- Eventuelt kunne fylgje opp og ta ansvar for oppgåver som legekontoret ynskjer å tilby
Legevakt
- Triage og akuttvurderingar, både på telefon og oppmøte
- Akuttmedisinsk assistanse
- Koordinering med AMK og ambulanse
- Observasjon og overvaking av pasientar før eventuell vidare behandling
- Dokumentasjon og rapportering (ISBAR,NEWS,TRIAGE SKJEMA)
- Beredskapsarbeid
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar med norsk autorisasjon
- Det er ynskeleg med klinisk erfaring frå legevakt og/eller sjukehus
- Det er ein fordel om du har akutt- og naudnettkurs
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon, og samhandling med pasientar og samarbeidspartnarar
- Du har kompetanse og beslutningsevne i akuttmedisinske situasjonar
- Du har evne til å jobbe målretta, strukturert og løysingsorientert
- Du har motivasjon og evne til å tilegne deg ny kunnskap, og kunne bidra til å utvikle gode tenester
- Du likar utfordrande og variert arbeid
- Du er ein lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel
Me tilbyr
- Ein arbeidsplass der me set fag og kvalitet høgt
- Varierte og spennande arbeidsdagar
- Mogelegheit for fagleg utvikling og jamleg simulering/øvingar
- Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø, med godt humør og mykje engasjement. Me finn på hyggelege ting saman på fritida (hytteturar, toppturar, fysisk aktivitet, helgeturar osv)
- Mogelegheit for fleksibel arbeidstidsordning
- Fantastisk natur rett utanfor døra - perfekt for deg som elskar friluftsliv
- Mogelegheit for 4 veker samanhengande sommaravvikling
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Ingrid Helene Smeland, Avdelingsleiar legekontor og legevakt, 97053462, ingrid.helene.smeland@vinje.kommune.noArbeidsstad
212 Vinjevegen3890 VInje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5025375043
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Ingrid Helene Smeland
Avdelingsleiar legekontor og legevakt
97053462
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e95d4b6f-7462-4a1e-8309-349d4460da51
- Hentet fra
talentech
- Referanse
99543cae3499469281aaaa9189f4aa9f