Vil du vere med å skape gode kundeopplevingar i Luster Sparebank?
Luster Sparebank
Øyagata 2, 6868 Gaupne, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Markedmedarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Hva vi ser etter
Me ser etter ein kreativ og løysingsorientert person som brenn for god kommunikasjon der målgruppa står i fokus, både i den digitale og fysiske verda.
Du må ha ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.
Arbeidsoppgaver
Luster Sparebank er ein sjølvstendig bank der gode kundeopplevingar og banken sitt samfunnsansvar står i sentrum.
Ynskjer du ein variert arbeidskvardag der du kan bidra til nettopp dette? No har me ledig ei spanande stilling der du kan få brukt dine kreative evner på marknadsarbeid!
Me ser etter nokon som blir motivert av å formidle og å skape gode kundeopplevingar. Å utvikle banken sine relasjonar til både eksisterande og nye kundar, og samarbeidspartar vil vere ein viktig del av jobben.
Stillinga vil inngå i banken si marknadsgruppe.
Arbeidsoppgåver-
Skape ei god kundereise for kundane våre
-
Planlegge og gjennomføre marknadsaktivitetar
-
Produsere innhald og oppdatere digitale kanalar
-
Følgje opp sponsoravtalar
-
Delta aktivt i banken si marknadsgruppe
-
Vere banken sin representant i relevante samarbeidsforum med andre bankar innan marknadsområdet
-
Høgare utdanning og/eller relevant erfaring innan marknadsarbeid
-
God skriftleg framstillingsevne (nynorsk er skriftspråk i banken)
-
Kjennskap til digital marknadsføring
Vi tilbyr
Spanande og varierte oppgåver som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer.
Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale.
Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst. Banken har 29 tilsette og har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster kommune. Banken skal vere ein god og løysingsorientert medspelar som bidreg til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisere sine draumar i tråd med visjonen - <<Saman når me måla dine!>>.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e93cd0be-1b76-4d54-ad04-0796f0af1215
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e93cd0be-1b76-4d54-ad04-0796f0af1215