Avtaleforvaltar - IKT og entreprise
IKT og entreprise, Sykehusinnkjøp HF
Inger Bang Lunds vei 4, 5059 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Avtaleforvaltar - IKT og entreprise
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 9. desember
Har du lyst på ein meiningsfull jobb der du verkeleg får brukt både hovudet og hjartet? No søkjer Sjukehusinnkjøp HF ein ny medarbeidar i fast stilling til å forvalte og følgje opp avtaleporteføljen vår innan IKT og byggentreprise.
No har du moglegheita til å bli ein del av eit av dei leiande fagmiljøa i landet innan offentlege anskaffingar, med svært gode høve for fagleg utvikling. Sjukehusinnkjøp HF er eit landsdekkjande helseføretak med kontor i heile Noreg. Vi inngår og følgjer opp avtalar på varer og tenester til norske sjukehus, og er ein av dei største innkjøpsorganisasjonane i landet med eit sterkt fagmiljø innan offentlege anskaffingar.
Hovudoppgåva i stillinga er å følgje opp eigen avtaleportefølje. Dette inkluderer implementering og oppstartsmøte, tilrettelegging i logistikksystem, handtering av framdrift, endringar og avvik, minikonkurransar og rådgiving til leverandørar og brukarar. Du må vere strukturert, nøyaktig og ha gode dataferdigheiter.
Arbeidsoppgåvene omfattar også merkantil og fagleg oppfølging og vidareutvikling av avtalar, forvaltning i logistikksystem med handtering av endringar og avvik, samt rådgiving og tett oppfølging av både kundar og leverandørar. Du vil overvake avtale- og leverandørporteføljen og ha utstrakt kontakt med interne og eksterne interessentar. Stillinga inneber òg anskaffingar på rammeavtalar gjennom minikonkurransar, i tillegg til å bidra til utvikling og kompetanseheving i føretaket. Andre relevante oppgåver kan òg bli tillagde ved behov.
Du bør trivast i ein organisasjon i endring og dele av kompetansen din. Hos oss møter du profesjonelle kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og får verdifull erfaring innan offentlege anskaffingar og kontraktsarbeid. Vi held til i trivelege og moderne lokale i Kronstadparken i Bergen.
Verdigrunnlaget vårt er:
- kunnskapsrik
- nytenkjande
- engasjert
- profesjonell
Dette skal liggje til grunn for alt vi gjer i Sjukehusinnkjøp, og det er viktig at du også jobbar etter desse verdiane.
Les meir om korleis det er å jobbe i Sjukehusinnkjøp HF på nettsidenevåre.Kven søker vi etter?
Vi ønskjer at du har utdanning (minimum bachelor-grad) innan relevante fagområde som juss, økonomi eller tekniske disiplinar, men relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning. Det er ønskjeleg om du har erfaring med kontraktsforvaltning av IKT-løysingar og infrastruktur basert på Statens standardavtaler (SSA), samt erfaring med kunde- og leverandøroppfølging innan IKT og/eller entreprise. I tillegg er det viktig med god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Det er ein fordel om du har erfaring med kontraktsforvaltning og leverandøroppfølging, samt god merkantil og juridisk forståing. Du blir bindeledd mellom helseføretaka og leverandørane, og må difor ha gode kommunikasjonsevner, vere løysingsorientert og trivast med samarbeid.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som er profesjonell og løysingsorientert, og som arbeider nøyaktig og systematisk. Du bør vere serviceinnstilt og hjelpsam, samstundes som du jobbar sjølvstendig og tek eigarskap til eigne ansvarsområde. Det er viktig at du kan handtere periodar med høgt tempo, har gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar både internt og eksternt, og at du bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling i eit av Noregs største fagmiljø for offentlege anskaffingar
- Lønn etter avtale og kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Livsfaseorientert personalpolitikk
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Moglegheit for heimearbeid
Om søknadsprosessen
Denne annonsen er på nynorsk, men du kan nytte begge målformer i søknaden. Dei mest kvalifiserte søkjarane blir kalla inn til intervju. Vi har vanlegvis to rundar, med sjekk av attestar og referansar. Alle søkjarar får tilbakemelding.
Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeide offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservere deg, må du grunngi dette i søknaden. Du blir kontakta dersom ønsket ikkje kan innvilgast og får høve til å trekke søknaden, jf. offentleglova § 25.
Kontaktinformasjon
Bjarte Wetteland, Avdelingsleder, 92244229, bjarte.wetteland@sykehusinnkjop.noArbeidsstad
Inger Bang Lunds vei 45059 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykehusinnkjøp HFReferansenr.: 5046060423
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e7e9c7c0-275e-47da-a0af-c2beccb3dc95
- Sist endret
25. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e5b5f25670c64a5f8e869027be86733a
Lignende annonser
Helsefagarbeider i omsorgsteam Minde
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester i Årstad, Bergen kommune
Sted
Bergen, Bergen
Helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Stiftelsen Domkirkehjemmet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester Bergenhus, Omsorgsteam Indre Sandviken
Sted
Bergen