Vil du vera med å bidra til ei god matoppleving for gjestene våre?
Arna seniorsenter
Lakslia 21, 5260 Indre Arna
Om jobben
- Stillingstittel
- Kokk 40 %
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 16. oktober
Arna seniorsenter held til i Arna kyrkjelydshus og er ope tysdagar og torsdagar i skuleåret. Me lagar mat for servering og utkjøring begge desse dagane, og ønskjer å tilby god og heimelaga tradisjonsmat.
Me søkjer ein engasjert kokk som - saman med kjøkkenassistent, dagleg leiar og fleire frivillige medarbeidarar - vil vera med å gjera Arna Seniorsenter til ein triveleg stad for gjestene våre!
ARBEIDSOPPGÅVER:
-
Matlaging
-
Utvikla menyar og mattilbod til gjestene våre
-
Utføra reinhald og rutiner som sikrar trygg mat. Bidra med IK-kompetanse.
-
Varebestilling, varemottak
-
Kontakt med gjestene
KVALIFIKASJONAR:
-
Kokk, gjerne fagbrev som institusjonskokk
-
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
-
Må beherska norsk godt
PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
-
Løysingsorientert og fleksibel
-
Gode samarbeidsevner
-
Nøyaktig og ansvarsbevisst
-
Bidra til eit godt arbeidsmiljø for tilsette og frivillige
ME TILBYR:
-
Dagjobb tysdagar og torsdagar i skuleåret.
-
Gode og ordna arbeidsforhold. Tariffløn.
Om bedriften
Arna seniorsenter er eit samarbeidstiltak mellom Lions Club Arna, Arna og Åsane Røde kors og Arna sokneråd, og vert støtta økonomisk av Bergen kommune. Det er 3 tilsette: Dagleg leiar, kokk og kjøkenassistent, alle i 40% stilling. Dessutan er det fleire engasjerte frivillige medarbeidarar.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e777c061-edee-4635-992d-b91b981d40c3
- Sist endret
1. oktober 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
477260827