Vil du vere med å gjere ein forskjell for de som treng det mest?
Ål kommune Hallingdal Barnevernteneste
Sundrevegen 95, 3570 Ål
Om jobben
Stillingstittel
Barnevernskonsulent / Sakshandsamar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Då er du den vi ser etter!
Hallingdal barnevernteneste er ei interkommunal teneste som dekker alle seks kommunane i Hallingdal: Hol, Ål, Gol, Nes, Flå og Hemsedal. Me er ei stor teneste med 30 tilsette, og me jobbar i team. Me har god kompetanse og engasjement for dei barna, unge og familiar som treng hjelpa vår. Som nytilsett får du opplæring og gode faglege utviklingsmoglegheiter. Du får kollegaer som brenn for å gjera ein forskjell for barn, unge og familiar.
Vi har no ledig 2 vikariat i 100% stilling (ut 2026). Det er ønskjelig med oppstart snarast.
Generelle kvalifikasjonar- Barnevernpedagog, sosionom eller anna relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, gjerne med tilleggsutdanning.
- Gjerne erfaring frå barnevern.
- Erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar.
- God skriftleg framstillingsevne.
- Evne til å arbeide grundig, sjølvstendig og systematisk.
- Gode refleksjonsevner.
- Å være ein god teamarbeider.
- Møte andre menneske med ei respektfull og open haldning
- Trivst med å jobbe i høgt tempo.
- Positiv haldning og godt humør.
- Eit spennande og proaktivt fagmiljø med fokus på framtidas barnevern.
- Godt arbeidsmiljø med mykje engasjement.
- Fleksibel arbeidstid.
- Fagleg utvikling og vekst.
- Pensjonsordning KLP.
- Hjelp til å finne bustad.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
For mer informasjon om oss, sjå vår eigen film om Hallingdal barnevernteneste: https://www.aal.kommune.no/siteassets/aal/skole-og-barnehage/barnevern/hallingdal-barnevernteneste_final-2.mp4
Velkomen som søkjar!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e7579b39-0a53-4ce9-8fdf-b54672b67a4b
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3547453_200333_nn