Vil du jobbe på friluftsskule i haustferien?
Sogndal kommune Anlegg og friluftsliv
Trolladalen 30, 6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 23. september
Har du lyst på ein aktiv og meiningsfull jobb i haustferien?
Sogn friluftsråd skal arrangere friluftsskular måndag 6. til onsdag 8. oktober, og vi treng instruktørar til gjennomføringa. Friluftsskulane er eit tilbod for born i alderen 10–13 år, og blir arrangert i alle seks medlemskommunane våre.
Som instruktør blir du del av eit team beståande av ein medinstruktør og to praksisstudentar. Du vil saman med med-instruktør ha praksisveilederansvar for studentane.
Tilsetjing skjer snarast, og søkjarar med lokal kjennskap vil bli prioriterte.
Kva kompetanse ser vi etter?
Erfaring og kompetanse innan friluftsliv
Gjerne spesialkompetanse innan klatring, padling, sykling, orientering eller andre uteaktivitetar
Kompetanse innan tryggleik og førstehjelp
Kva ser vi etter hos deg?
Du er ein ansvarleg vaksen i møte med born
Du legg til rette for meistring og læring, og møter deltakarane på ein imøtekomande og engasjert måte
Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø saman med medinstruktørar og studentar
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
Ein aktiv og givande jobb utandørs, der du får kombinere eigne interesser med å skape gode opplevingar for born
Samarbeid i eit engasjert team
Løn etter avtale
Kvalifikasjonar
Glad i natur og friluftsliv
Erfaring frå arbeid med born og unge
Gyldig politiattest
Ynskja kompetanse
Friluftsliv- eller lærarstudentar frå høgskule eller universitet
Førstehjelp- og/eller livredningskurs
Instruktørkurs i padling eller klatring
Lokal kjennskap til fleire av medlemskommunane
Erfaring med førstehjelp
Om arbeidsgjevar
Sogn friluftsråd er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Samarbeidet er organisert som eit kommunalt oppgåvefellesskap.
Friluftsrådet skal i samarbeid med deltakarkommunane, fylkeskommune, andre offentlege myndigheiter og organisasjonar, fremje allsidig og miljøvenleg friluftsliv i indre Sogn, til det beste for befolkninga si trivsel og helse. Friluftsrådet skal saman med kommunane arbeide for meir friluftsliv for alle, heile året.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Tilsetting blir gjort fortløpande.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e7481d86-490c-478a-bcf5-115d22c0a3d3
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3544117_233949_nn