Sommarjobb for assistent/ sjukepleiarstudent på Føde- og gynekologisk seksjon, Kirurgisk og Medisinsk seksjon
Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16, 5700 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb Føde- og gynekologisk avdeling, Kirurgisk og Medisinsk avdeling, Voss sjukehus
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
6
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. februar
Ledige sommarvikariat i 80-100% stilling.
Kirurgisk avdeling, Medisinsk avdeling og Føde og gynekologisk avdeling har ledige stillingar for deg som ønskjer å jobbe som pleieassistent på Voss sjukehus i sommar. Todelt turnus med arbeid kvar 2. helg.
Stillingane passar godt for sjukepleiarstudentar/medisinstudentar. Stillingane er ledige frå 16. juni og vi ønskjer at du jobbar minimum 6 veker i sommarperioden. Du må oppgje i søknaden kva veker du kan jobbe og ved kva for avdeling(ar) du ønskjer å arbeide.
Medisinsk sengepost er lokalisert under Medisinsk seksjon, og har 20 heildøgnssengeplassar. Det blir behandla pasientar med ulike indremedisinske diagnosar, innan til dømes hjarte, lunge, nyre, mage, tarm, hjerneslag, infeksjonar, diabetes og kreft.
Kirurgisk sengepost er lokalisert under Kirurgisk seksjon, og er heildøgnspost innan kirurgi, ortopedi og gynekologi. Sengeposten har elektiv drift med planlagde operasjonar kombinert med øyeblikkeleg hjelp innleggingar. I tillegg har sengeposten open retur funksjon og har kompetanse på smertelindring, kreftomsorg og palliasjon.
Føde- og barselavdelinga har 10 barselsenger fordelt på 6 rom. Fødselstalet ligg rundt 430 pr. år. Vi legg vekt på tryggleik, nærleik og ro i fødselsforløpet, slik at fødselen kan gå føre seg så naturleg som mogleg. Smertelindring gjev vi etter ønskje og behov, også epiduralbedøving. Planlagd og akutt keisarsnitt blir gjort i dei høve der det er naudsynt.
Voss sjukehus:
Voss sjukehus er lokalsjukehus for om lag 30.000 innbyggjarar i indre Hordaland. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i Indre Sogn. Vi har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi, og det er gode støttetenester innanfor radiologi, fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank. Det er i underkant av 400 tilsette på sjukehuset. Voss sjukehus har hatt ein stor aktivitetsvekst og ønskjer å fortsette den positive utviklinga.
Litt om Voss:
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og oppfølging av pasientar og pårørande i avdelinga
- Førefallande arbeid i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Du må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon
- Du må ha relevant erfaring , fortrinnsvis sjukepleiarstudent eller medisinstudent
Personlege eigenskapar
Vi tenker at du:
- Er ein god teamarbeidar
- Trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Likar varierte utfordringar
- Har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
Vi tilbyr
- Opplæring
- Lærerik og spennande jobb i aktivt miljø
- Meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Løn etter gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hege Aldal Indrebø, Seksjonsleiar Føde og gynekologisk avdeling, 92429062Ranveig Herheim Knapstad, Seksjonsleiar Kirurgisk avdeling, 97711192
Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar Medisinsk avdeling, 56533780
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165700 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4910607898
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 09.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Linn Christine Zwartjes De Wolfe
Seksjonsleiar Medisinsk avdeling
56533780
Ranveig Herheim Knapstad
Seksjonsleiar Kirurgisk avdeling
97711192
Hege Aldal Indrebø
Seksjonsleiar Føde og gynekologisk avdeling
92429062
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2841823
- Hentet fra
talentech
- Referanse
92ab1813f1eb45e4b41eef118f0009a2