Tenesteeiningsleiar i Sunnfjord
Vest politidistrikt
Hafstadvegen 51, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Tenesteeiningsleiar Sunnfjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. oktober
Om stillinga
I Vest politidistrikt er det ledig fast stilling som politiinspektør med funksjon som tenesteeiningsleiar ved tenesteeining Sunnfjord, geografisk driftseining Sogn og Fjordane (GDE).
Sunnfjord politistasjonsdistrikt har om lag 56.000 innbyggjarar, fordelt på politistasjonane Førde, Florø, Gloppen, Fjaler, Høyanger og Bremanger. Stillinga inneber òg rolla som tenestestadsleiar ved Førde politistasjon og er stadplassert ved Førde politistasjon som har ca 30 tilsette med varierande arbeidsoppgåver. Stasjonen skriv ut pass i tillegg til dei polisiære arbeidsoppgåvene innan etterforskning, førebygging, vakt og beredskap.
Stasjonen er organisert i to avsnitt med kvar sin avsnittsleiar. Den består av eit kombiavsnitt og avsnitt for etterforsking og førebygging. På politistasjonen i Førde er og fleire andre einingar lokalisert, blant anna seksjon for etterforsking og leiing GDE Sogn og Fjordane. Fleire fellesfunksjonar er også representert ved analyse, kriminalteknikk og felles utlendingsforvaltning.
Hovudarresten for GDE Sogn og Fjordane er også lokalisert ved Førde politistasjon.
Tenesteeiningsleiar rapporterer til driftseiningsleiaren i Sogn og Fjordane og deltar i driftseining si leiargruppe. Tenesteeiningsleiar har HMS- og personalansvar og ansvar for at tenesteeininga leverer polititenester med god kvalitet og effektivitet.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal vi førebyggje og få bukt med kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ynskjer deg som vil sette retning, drive endring og bidra til god utvikling for verksemda.
Vest politidistrikt og GDE Sogn og Fjordane er i kontinuerlig utvikling for å møte utfordringane i framtida, jobbe smartare, betre samarbeidet og nytte ressursane effektivt.
Vil du vere med på å forme framtidas tenester? Då er det kanskje nettopp deg vi treng i tenesteeining Sunnfjord.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for budsjett, resultat, HMS og personell i eininga
- Sørgje for polititeneste med høg kvalitet innanfor førebygging, beredskap og etterforsking, med eit gjennomgåande førebyggjande fokus.
- Ansvar for kommunikasjon med media, kommunar og andre samarbeidspartnarar
- Leie og styre ressursane planmessig ved tenesteeininga og sørgje for god ivaretaking av administrative oppgåver
- Sørgje for tilstrekkeleg vakt og patruljeberedskap i eininga og med dette setje av mannskap til politidistriktet sin samla politiberedskap
- Sørge for god fagleg dialog med andre einingar og avdelingar i driftseininga og politidistriktet
- Sørge for effektiv bruk av tilgjengeleg teknologi som kan lette det daglege arbeidet og understøtte gode prosessar
- Sørge for effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar og verksemder i eininga
- Aktiv deltaking i GDE leiaren si leiargruppe. Fylgje opp og setje i verk leiargruppa sine avgjerder
- Utvikle ein kultur for openheit gjennom god leiing og aktivt medarbeidarskap. Saman med resten av leiargruppa i GDE Sogn og Fjordane sjå på tettare samarbeid mellom tenesteeiningane og framtidige organisatoriske endringar i takt med den samfunnsmessige utviklinga
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen eller relevant utdanning på bachelornivå
- Brei erfaring innan politiet sine gjeremål
- Utdanning innan organisasjon og leiing fortrinnsvis på høgskule/universitetsnivå. Leiarerfaring vert vektlagt og kan i særlege tilfelle kompensere for kravet til utdanning
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
- God IT- og systemkompetanse
- Kunne vise til god resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- Må kunne sikkerhetsklarerast for HEMMELEG
- Erfaring og kunnskap om HMS
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Det er også ønskjeleg med:
- Kunnskap om personal- og økonomistyring er ein fordel
- Kunnskap om offentleg forvalting og statlig avtaleverk er ein fordel
- Erfaring med mediehandtering
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer deg som er resultatorientert med evne til å ta avgjerder med god gjennomføringsevne
- Sette retning, drive endring og bidra til god utvikling for verksemda
- Gode leiareigenskapar med evne til å motivere medarbeidarar og skape god samhandling med andre
- Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbygging
- Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga blir lønna som politiinspektør med funksjon som tenesteeiningsleiar (stillingskode 0290), frå kr 1.060.000,- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordninga. Les meir på www.spk.no
- Gode arbeidsvilkår (turnus, variert arbeidsdag og trening i arbeidstida)
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcKontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e6719687-af6e-4a0c-99bb-9f684e3c8632
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266581