Hopp til innhold

Overlege nyresjukdomar

Arbeidsgiver

Medisinske leger SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Oppstart
4. januar 2027
Stillingstittel
Overlege nyresjukdomar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest i overmorgen

Medisinsk avdeling ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) treng ein ny nefrolog på laget.

Vår ambisjon er å vere ein av Norges beste indremedisinske seksjonar, med særleg fokus på kvalitet, utdanning og arbeidsmiljø.
Den medisinske legegruppa består av om lag 60 legar og 18 LIS1-legar. Vi har spesialistar innan alle indremedisinske fagområde. Avdelinga er godkjend utdanningsverksemd innan indremedisin, kardiologi, lungesjukdomar, gastroenterologi, hematologi, infeksjonsmedisin, endokrinologi, geriatri og nyremedisin.

Sengepostane er fagseksjonerte, og vi har òg ein eigen indremedisinsk seksjon der inneliggjande pasientar med nyremedisinske og endokrinologiske problemstillingar blir tekne hand om.
Vi har eit svært godt arbeidsmiljø og heilt nye lokale. Hos oss er det kaffi i koppen, fredagsbingo, godt humør og ein kultur prega av opne dører og låg terskel for samarbeid.

Nyremedisinsk seksjon har i dag ein seksjonsoverlege og ein LIS3-lege. Endå ein LIS3-lege startar om kort tid. Seksjonen har ansvar for dialyseeiningane ved SNR Hjelset og SNR Kristiansund, nyrepoliklinikk, utdanning og felles sengepostansvar ved den indremedisinske sengeeininga.
Som overlege hos oss vil hovuddelen av arbeidet vere knytt til nyrepoliklinikken. Arbeidsoppgåvene vil elles bli nærare avtalte i samarbeid med den som blir tilsett.

Oppstart i stillinga etter avtale med leiar.


Arbeidsoppgåver

  • Nyremedisinsk poliklinikk
  • Undervisning i nyremedisin
  • Supervisjon og veiledning av LIS3

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialistgodkjenning i nyremedisin
  • Meistre norsk språk, skriftleg og munnleg
  • Erfaring fra nyremedisinsk avdeling vektlegges

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du jobbar godt aleine og i team
  • Du er opptatt av evidensbasert medisin, og å jobbe kontinuerleg med fagleg utvikling
  • Du er strukturert og fleksibel
  • Du deltek aktivt i arbeidet med å utvikle seksjonen og for eit godt arbeidsmiljø
  • Du er svolten på ny kunnskap og erfaring

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Spesielt godt arbeidsmiljø
  • Sterkt faglig fokus
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her

Kontaktinformasjon

Ida Camilla Monn Birkhaug, Seksjonsleiar (lege), Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5175643885
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 06.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Ida Camilla Monn Birkhaug

Seksjonsleiar (lege)

Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e646207f-8f62-44de-b89f-549d2aec8079

Sist endret

4. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

55626adf69784267b7844c41dadb1d4d

Lignende annonser

Laster lignende annonser