Resepsjonist (80% vikariat)
Øygarden kyrkjelege fellesråd
Tytebærbrekko 2, 5353 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Resepsjonist (80% vikariat)
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. desember
Ønskjer du ein variert arbeidskvardag der du får møte menneske og bidra til viktige samfunnsoppgåver?
Øygarden kyrkjelege fellesråd har ledig eit 80 % vikariat i resepsjonen ved kyrkjekontoret på Straume. Vikariatet er i første omgang på kort sikt, med moglegheit for forlenging. Det kan også vere aktuelt med vidare arbeid som tilkallingsvikar.
Stillinga er ein del av administrasjonen ved kyrkjekontoret og inneber varierte administrative oppgåver innan resepsjon, gravferdsforvaltning, gravplassadministrasjon og utleige.
Visjonen til Øygarden kyrkjelege fellesråd er «Nær Gud, nær menneske». Vi er eit stort fellesråd, med fem sokn og om lag 40 800 innbyggarar der 70,3% er medlemer i Den norske kyrkja. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og tverrfaglege sokneteam. Stillinga er primært knytt til Fjell sokn, men inngår i kyrkjemusikkseksjonen i fellesrådet.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.
Om stillinga
Stillinga er hovudsakleg kontorbasert og omfattar administrative oppgåver innan resepsjon, gravferdsforvaltning, gravplassadministrasjon og utleige.
Du vil ha jamleg kontakt med publikum, pårørande, gravferdsbyrå og andre samarbeidspartnarar. Arbeidskvardagen kan vere variert og til tider hektisk, med mange førespurnader, hyppige avbrot og behov for å prioritere og omstille seg undervegs.
Arbeidsoppgåver
- Svare på telefonar, e-postar og førespurnader frå publikum og samarbeidspartnarar
- Ta imot og vidareformidle post og andre førespurnader
- Motta og registrere gravferdsmeldingar
- Koordinering av gravferder og oppdatering av kalendrar
- Registrering og oppfølging i gravregistersystemet
- Administrasjon av graver, mellom anna tildeling, sletting og endring av festeansvar
- Fakturering av avgifter og tenester
- Administrasjon av utleige, nøklar og tilgangar
- Registrering og kontroll av fakturaer og kreditnotaer
- Vedlikehald av register og arkiv
- Andre førefallande administrative oppgåver
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan kontor, administrasjon eller service er ønskjeleg
- Relevant erfaring frå resepsjon, kundeservice eller administrativt arbeid er ein fordel
- Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye datasystem
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Erfaring med kundebehandling og publikumskontakt er ønskjeleg
- Kjennskap til offentleg forvaltning eller gravplassadministrasjon er ein fordel
Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter ein medarbeidar som:
- Er serviceinnstilt og møter menneske med respekt og omsorg
- Arbeider strukturert og nøyaktig, også i ein travel arbeidskvardag
- Er sjølvstendig, fleksibel og tek initiativ
- Har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
- Er trygg i møte med menneske i ulike livssituasjonar
- Evnar å handtere fleire oppgåver samstundes og prioritere ved behov
- Er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Eit variert og meiningsfullt arbeid med viktige samfunnsoppgåver
- Ein arbeidskvardag med både administrative oppgåver og publikumskontakt
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Moglegheit for forlenging av vikariatet og vidare arbeid som tilkallingsvikar
- Lønns- og arbeidsvilkår etter tariffavtale gjennom KA – Kyrkja sin arbeidsgivarorganisasjon
- Offentleg tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Annlaug Børve, Kyrkjeverje, 47304530Kari Sandøy Rong, kontroleiar, 93629159
Arbeidssted
Tytebærbrekko 25353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 5211759011
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 06.12.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Kari Sandøy Rong
kontroleiar
93629159
Annlaug Børve
Kyrkjeverje
47304530
Om bedriften
«Nær Gud, nær menneske.»
Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.
Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.
Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e5c9ef80-9306-420d-b412-fdded61184d6
- Sist endret
18. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
411f53a934874a6c8be7675388ccc2ef