ID 1075 Pedagogisk leiar 100% vikariat ut barnehageåret i Svingen barnehage
Svingen barnehage
Fitjar
Om jobben
- Oppstart
- 1. januar 2027
- Stillingstittel
- Pedagogisk leder i barnehage
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. november
Svingen barnehage har ledig 100 % vikariat som barnehagelærar frå 25.12.2026 til 31.07.2027.
Svingen barnehage har eit flott nybygg som sto ferdig hausten 2023. Dette er ein kommunal barnehage i Fitjar kommune. Den ligg like utanfor Fitjar sentrum, og har to basar som i år har delt seg i 5 grupper.
Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Rossneset. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til utmark, sjø, skog og fjell. Dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø. I dei to neste åra skal barnehagen vera med i eit læringsmiljøprosjekt initiert av UDIR og statsforvaltaren i Vestland. Alle barnehagane og skulane i Fitjar kommune skal delta her. Hovudoverskrifter i prosjektet er psykososialt barnehage- og skulemiljø.
Kvalifikasjonar:-
Barnehagelærar
-
Eventuell anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk på 60 studiepoeng.
-
God IKT kompetanse
-
Leie, planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med rammeplan og gjeldande lovverk
-
Ha fagleg og pedagogisk ansvar for avdelinga og bidra til kvalitetsutvikling i barnehagen
-
Rettleie og følgje opp medarbeidarar, lærlingar og studentar
-
Leggje til rette for eit godt samarbeid mellom barn, føresette og personale
-
Delta aktivt i barnehagen sitt utviklings- og endringsarbeid
-
Bidra til eit godt arbeidsmiljø og eit inkluderande læringsmiljø for barn og tilsette
-
Samarbeide tett med styrar og andre pedagogiske leiarar om drift og utvikling av barnehagen
-
Sikre at observasjon, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet vert gjennomført på ein fagleg forsvarleg måte
-
Er påliteleg, stabil og ansvarsfull
-
Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig
-
Arbeidsglede, er fleksibel og viser god relasjonskompetanse
-
Står trygt i deg sjølv og handlar ut frå barns beste
-
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø ved å vere open, ærleg og reflektert
-
Evne til å bidra til at barn opplever meistring og glede
-
Trivst med å vere ute store delar av dagen, uavhengig av ver og årstid
-
Godt, trygt arbeidsmiljø med imøtekomande tilsette som bryr seg om kvarandre og barna sitt beste
-
Lønns- og pensjonsavtale i tråd med hovudtariffavtalen
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Søknadsskjema skal fyllast ut med referansar og oppdatert CV.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Meir informasjon finn du på: https://www.fitjar.kommune.no/tenester/barn-skule-og-familie
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e5c07002-7f23-4e81-aa39-78143284abad
- Sist endret
9. november 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e5c07002-7f23-4e81-aa39-78143284abad