Hopp til innhold

Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og aktiv kvardag for barn?

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Skjold skule

Sted

Vikanesvegen 4, 5574 Skjold

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar på Skjold skule
Type ansettelse
Fast, deltid 85%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 12. oktober

Vi har ledig ei 85 % stilling som fagarbeidar/assistent innan barne- og ungdomsarbeidarfaget, med arbeid både i skulen og på SFO. Du blir ein viktig vaksenperson i barna sin kvardag og får høve til å bidra til meistring, læring, leik og gode relasjonar.

Hos oss blir du del av eit engasjert arbeidsmiljø der samarbeid, trivsel og utvikling står sentralt. Arbeidsdagane er varierte og meiningsfulle, og du får bruke fagkompetansen din til å sjå det einskilde barnet og skape gode fellesskap. Stillinga passar for deg som likar å vere aktiv saman med barn, er trygg i vaksenrolla og ønskjer å gjere ein positiv skilnad.

Kva får du jobba med hos oss?

Hos oss får du jobbe med å skape ein trygg, inkluderande og aktiv kvardag for elevane – både i skuletida og på SFO. Du bidreg i opplæringa, støttar elevar som treng rettleiing, og samarbeider tett med lærarar og andre tilsette. Du får også vere med på leik, aktivitetar og gode opplevingar på SFO, og bidra til eit miljø der barna opplever meistring, tilhøyrsle og trivsel. Ingen dagar er heilt like, og du får bruke både fagkompetansen, engasjementet og kreativiteten din i arbeidet med barn og unge.

Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Kvalifikasjonar:
  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller god erfaringskompetanse innan arbeid med barn.
  • Anna relevant fagbrev kan også bli vurdert
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar:
  • Du er ein trygg, varm og tydeleg vaksen.
  • Du har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i arbeidsmiljøet.
  • Du er tålmodig, fleksibel og løysingsorientert.
  • Du tek initiativ og likar ein aktiv og variert arbeidsdag.
  • Du er oppteken av å sjå det einskilde barnet og byggje gode relasjonar.
  • Du bidreg til eit inkluderande og trygt miljø for barn og vaksne.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som blir tilsett i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 
Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Nina Iren Husevåg

+47 99238915 +47 53655740

nina.iren.husevag@vindafjord.kommune.no

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e5912599-e9a4-4a31-9ea6-1aa067dd87e4

Sist endret

24. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3664097_228563_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser