Markedsrådgiver analyse og brukerinnsikt
Om Kartverket
Verven 4, 4014 Stavanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Markedsrådgiver analyse og brukerinnsikt
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. desember
Om stillinga
For å styrkje bruken og samfunnsnytten av Kartverket sine data og tenester søkjer vi ein nyutdanna, analytisk og samfunnsengasjert rådgivar som kombinerer god teknologiforståing med nysgjerrigheit på menneska bak tala.
Vi ser etter deg som har fullført ein relevant mastergrad, og som ønskjer å bruke analyse, kunstig intelligens og brukarinnsikt til å forstå brukarane sine behov og bidra til betre avgjerder og auka verdiskaping.
Som rådgivar i marknadsavdelinga får du ei sentral rolle i arbeidet med å forstå kven som brukar Kartverket sine data og tenester, korleis dei blir brukte, og kva behov brukarane har. Du vil kombinere kvantitative analysar med kvalitative metodar for å få innsikt i både kva brukarane gjer, og kvifor dei gjer det.
Du vil arbeide både strategisk og operativt med analyse, brukarinnsikt og effektmåling. Ein viktig del av rolla er å omsetje data og innsikt til relevante tilrådingar som gir grunnlag for prioriteringar, betre brukaroppfølging og auka samfunnsnytte.
Samarbeid med brukarar, fagmiljø, dataforvaltarar og andre interessentar er viktig for å lukkast. Du får spennande og varierte oppgåver i skjeringspunktet mellom teknologi, analyse, menneskeforståing og samfunnsnytte.
Stillinga vil vere knytt til Kartverket si sentrale marknadsavdeling. Marknadsavdelinga består av seks dyktige kollegaer fordelte mellom Hønefoss og Stavanger. Du vil arbeide med oppgåver innan fleire av Kartverket sine samfunnsområde, men arbeidsstaden din vil vere Stavanger.
Noko reiseverksemd må reknast med.
Arbeidsoppgåver
- Analysere brukardata og bruksmønster på tvers av Kartverket sine produkt og tenester for å identifisere behov, trendar og moglegheiter for verdiskaping.
- Kartleggje og segmentere brukargrupper, og gjennomføre brukarundersøkingar, intervju og analysar av brukarreiser.
- Kombinere kvalitative og kvantitative data for å utvikle heilskapleg brukarinnsikt.
- Måle effekten av tiltak og utarbeide analysar og tilrådingar som støttar strategiske og operative avgjerder.
- Utforske og ta i bruk statistiske metodar, prediktive analysar og maskinlæring for å identifisere mønster, samanhengar og utviklingsmoglegheiter der datagrunnlaget er eigna.
- Hente inn, strukturere, kvalitetssikre og samanstille data frå ulike kjelder for å leggje til rette for analyse og utvikling av brukarinnsikt.
- Bidra til å utvikle og automatisere analyseprosessar, rapportering og innsiktsarbeid ved bruk av programmering, KI og digitale verktøy.
- Bruke og vidareutvikle CRM, Power BI og KI-løysingar til analyse, visualisering, rapportering og effektivisering av innsiktsarbeidet.
- Formidle innsikt og synleggjere verdien av Kartverket sine data for leiing, fagmiljø og andre relevante interessentar.
- Samarbeide med interne fagmiljø og eksterne interessentar om analyse- og innsiktsarbeid.
- Bidra til andre relevante oppgåver i marknadsavdelinga.
Du vil arbeide med problemstillingar innan fleire av Kartverket sine samfunnsområde.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- Relevant høgare utdanning på masternivå innan økonomi, marknadsføring, analyse, samfunnsvitskap, teknologi eller tilsvarande.
- Kompetanse og praktisk erfaring med kvalitative og kvantitative analysemetodar, brukarundersøkingar, segmentering og kartlegging av brukarbehov og brukarreiser.
- Praktisk erfaring med KI i analyse- og innsiktsarbeid, og god teknologiforståing.
- God kompetanse i Power BI og erfaring med analyse, statistikk, visualisering og formidling av data.
- Kunnskap om CRM-system, effektmåling og evaluering av tiltak for å utvikle innsikt og avgjerdsgrunnlag.
- God forståing for offentleg sektor, samfunnsoppdrag og korleis data og innsikt kan bidra til verdiskaping og samfunnsnytte.
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, og evne til å samarbeide på tvers av fagmiljø og formidle analysar og tilrådingar til ulike målgrupper.
Relevant kompetanse og erfaring kan vere opparbeidd gjennom utdanning, prosjektarbeid, traineeprogram eller anna arbeidserfaring.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som er analytisk og teknologisk nysgjerrig, men som samstundes har ei genuin interesse for menneske. Du forstår at tal og statistikk berre fortel delar av historia, og at god brukarinnsikt også krev evna til å lytte, stille spørsmål og forstå ulike perspektiv.
Vi trur du vil trivast hos oss dersom du:
- Kombinerer god teknologiforståing med nysgjerrigheit på menneske og behova deira.
- Er analytisk og strukturert, men evnar å sjå menneska bak tala.
- Er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner.
- Har evne til raskt å setje deg inn i komplekse problemstillingar.
- Er engasjert, tek initiativ og har god gjennomføringsevne.
- Evnar å omsetje data og brukarinnsikt til tydelege og relevante tilrådingar.
- Er hjelpsam, fleksibel og trivst med å samarbeide på tvers av fagmiljø.
Me tilbyr
- Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Ein kompetansearbeidsplass i utvikling
- Gode velferdsordningar
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Stillinga blir løna som 1434 rådgjevar med lønn fra 630 000,- til 700 000,-.
- Gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
Kvifor skal du velje oss?
I Kartverket kombinerer vi stolte tradisjonar med framtidsretta teknologi for å løyse samfunnskritiske oppgåver. Verdien av fellessløysingane og den geografiske infrastrukturen Kartverket forvaltar er estimert til 30 milliardar kroner årleg innanfor viktige samfunnsområde som tryggleik og beredskap, klima, miljø og natur, kommunal forvaltning og privat næringsliv.
Vi trur på moderne måtar å jobbe på. Med ei produktorganisert tilnærming set vi brukarane i sentrum og sikrar rask verdi gjennom kontinuerlege leveransar. Vi har ein ambisjon om å gi alle våre tilsette ein kvardag der meistring og arbeidsglede står høgt i fokus. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar.
Om søknaden din
Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandlingKartverket er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Me oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast.
Om du treng teknisk hjelp til søknaden, ta kontakt med support hos Grade Jobbnorge.
- support@jobbnorge.no
- 75542220
Kontaktperson for stillingen
Celine Buisson Rosvold
Avdelingsdirektør Marked
+4797701597
Om bedriften
Frå sjø til land. Frå det ytste verdsrommet til dei djupaste havbotnar. Me i Kartverket veit at alt skjer ein stad, og at geografisk informasjon og eigedomsinformasjon er viktige komponentar i utviklinga av berekraftige samfunn og nye digitale, produkt og tenester.
Våre ambisjonar på vegne av Noreg er store. Me er over 800 stolte kartverkstilsette som kvar dag står opp og bidreg til at Noreg skal verta leiande i bruken av geografisk informasjon. I 2024 vart me tildelt den prestisjefylte “Bedre Stat”-prisen for vårt arbeid med å digitalisere samhandling ved eigedomshandel.
Vår jobb er å gjere det enkelt å samle, bearbeide og dele stadfesta informasjon.Våre data spelar ei nøkkelrolle i framtidas berekraftige samfunn og for å finne svar på framtidas klimautfordringar.
Me er statens fagorgan for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Vår oppgåve er å bygge og vedlikehalde nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land, og samarbeide med kommunar, statlege organ og private aktørar.
Me har 13 kontorstadar frå sør til nord, samt eit jordobservatorium på 79 grader nord. Kartverket vart etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg.
Me treng stadig fleire på laget. Kanskje du vert ein av oss?
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e52c8526-ae2c-4356-9281-9d01219e6469
- Sist endret
22. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10316930