Sjukepleiar
Hareid kommune, Bu og habilitering - Reina
Teigevegen 55, 6060 Hareid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. mars
Vi har ledig ei nyoppretta fast 100 prosentstilling som sjukepleiar.
Vil du ha ein meiningsfull og givande jobb tett på menneske som treng ekstra hjelp? Vi gjer livet betre for dei som ikkje har den same føresetnadane som andre.
Bu og habilitering har vore i stor utvikling dei siste åra. Vi står framføre ei spanande tid vidare der vi byggjer eit nytt bustadkonsept for brukarane. Denne satsinga vil vere både innovativ og framtidsretta. Du som får denne stillinga blir ein del av dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- medisinsk og sjukepleiefagleg oppfølging med ansvar og vurderingar
- pleie- og omsorgsoppgåver.
- tett tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper
- ansvar for BPA ordningar
- sikre at tenester blir gitt på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak
- rettleie, undervise og informere pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
- medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
- bruk av velferdsteknologi
- delta i kvalitetsutvikling av tenesta
Kvalifikasjonar
- autorisasjon som sjukepleiar
- arbeidserfaring frå brukarar som høyrer til bu og habiliteringstenesta
- erfaring med BPA
- god digital kompetanse
- godt norsk språk, både skriftleg og munnleg (nivå B2)
Du må legge fram godkjend politiattest av ny dato før du startar å arbeide, samt gjennomgå smittevernkontroll.
Personlege eigenskapar
I sektor for velferd ønskjer vi oss medarbeidarar som er pliktoppfyllande, engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte, viser respekt og er rause. Du har evne til å arbeide sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og utøver dette til beste for pasient, pårørande og tilsette. Du klarer å prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne.Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Verdiar som stabilitet, god arbeidsmoral og det å vere ein god kollega og samarbeidspart er viktig for oss.
Vi tilbyr
- ein triveleg arbeidsplass med godt tverrfagleg arbeidsfellesskap
- spanande og faglege utfordringar
- fagdag i arbeidsplan
- kurs gjennom NHI og Visma-veilederen
- forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP
- løn etter gjeldande avtalar
Kontaktinformasjon
Ottar Eiksund Røyset, Kommunalsjef, +47 97797373Arbeidsstad
Teigevegen 556060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 4927744142
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Ottar Eiksund Røyset
Kommunalsjef
+47 97797373
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2881257
- Hentet fra
talentech
- Referanse
00c7022c0a984335867044dfed7347e3