Medisinstudent med lisens
Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Medisinstudent med lisens
- Oppstart
- 22. juni 2026
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Nordfjord psykiatrisenter sine to døgnpostar har to ledige ferievikariat for medisinstudentar med lisens i ferieperioden: 22.06.2026 - 16.08.2026.
Seksjon rus har 10 døgnplassar og gjev tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Sengeposten har ei tverrfagleg personalgruppe - her jobbar mellom anna psykolog, sosionom, overlege, lege i spesialisering, helsesportspedagog, fysioterapeut, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Seksjon døgn har 12 døgnplassar og er ein felles psykose - og allmenpsykiatrisk døgnpost med ei tverrfagleg personalgruppe - her jobbar mellomanna psykolog, overlege, sosionom, lege i spesialisering, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst om tydeleg i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Pasientansvarleg koordinator
- Pasientbehandling
- Dagarbeidstid mandag til fredag, vaktarbeid inngår ikkje i vikariatet
Kvalifikasjonar
- Legelisens, men kandidatar utan lisens kan også søkje
- Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
- Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst om tydeleg i søknaden.
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
- Personleg eigna vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- God opplæring
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Gratis bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
Kontaktinformasjon
Arild Krogh Nøstdal, Seksjonsleiar NPS Rus, 57864342/ 57864330Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar NPS Døgn, 57864335/ 57864330
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96770 NORDFJORDEID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5023395732
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Synnøve Merethe Johnsen
Seksjonsleiar NPS Døgn
57864335/ 57864330
Arild Krogh Nøstdal
Seksjonsleiar NPS Rus
57864342/ 57864330
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e4b03c8b-22f6-48b1-ac21-0fba398d3d3f
- Sist endret
23. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
66598c867a2244609a73938679256a64
Lignende annonser
Cand.med./medisinstudent med lisens
Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde
Sted
Nordfjordeid
Ferievikarar
Arbeidsgiver
Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde
Sted
Nordfjordeid
Ferievikarar Medisinsk sengepost NSH
Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde
Sted
Nordfjordeid