100 % fast stilling som fagarbeidar
Valle skule, Valle kommune
Harstadvegen 69, 4747 Valle, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100 % fast stilling fagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Då treng vi deg i Valle skule og SFO! Valle skule er ein 1-10 skule midt i Setesdal med ansvar for vaksenopplæring i tillegg til grunnskule og SFO. Skulen har 106 elevar fordelt på ei klasse på kvart trinn. Vi har god vaksentettleik, underviser som to-lærarsystem, har eige læringsverkstad for begynneropplæringa. Vi legg vekt på inkluderande praksis og har fokus på tverrfagleg samarbeid. Skulen har eige sykkelverkstad, bakstrerom, skulekjøkken, tresløydsal og er knyta tett på kommunen sin idrettshall/symjehall.
Vi har behov for fagarbeidar i 100% fast stilling.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføring av pedagogiske aktivitetar i samarbeid med faglærar
- Oppfølging av enkeltelevar og mindre grupper
- Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande lærings- og skulemiljø for alle
- Delta aktivt i det profesjonelle læringsfellesskapet og skulens utviklingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid for å bygge laget kring barnet
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant fagbrev. Dersom du ikkje har fagbrev, oppmodast du likevel til å søkje og me vil legge til rette for fagbrevutdanning
- Arbeidserfaring innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Erfaring med å arbeide med barn/ ungdom
- God språkleg dugleik, munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Du er god til å bygge gode relasjonar og skape eit trygt og godt læringsmiljø
- Du har gode samarbeidsevne og bidrar aktivt til utvikling av skulen som arbeidsplass for elevar og tilsette
- Du er engasjert og ambisiøs
- Du er løysingsorientert og kan stå i krevjande situasjonar
- Du tåler endring og er fleksibel i ein hektisk kvardag
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med tariff
- Bedriftsleiligheit i Kristiansand
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Barnehage og SFO-tilbod med vekt på fysisk aktivitet, leseglede og kulturarven vår.
- Full kulturskuledekning
- Vakker natur med mange høve for friluftsliv til alle årstider
- Ei triveleg bygd å bu i
Viktig for søknaden din:
- CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
- Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Janne Nystøl, Rektor/einingsleiar, +4798066678, janne.nystol@valle.kommune.noArbeidsstad
Harstadvegen 694747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommuneReferansenr.: 4967446288
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2937029
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ef3ee5a7401e496987a35a036a10c716