Faste helgestillingar i Avdeling stemningslidingar, S1
Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Fast helgestilling i Avdeling stemningslidelser, S1
- Type ansettelse
- Fast, deltid 15%
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. november
S1 er ein lukka døgnseksjon med 11 sengeplassar. Vi gir spesialisert utgreiing og behandling til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blanda tilstandar.
Vi har ledig fast helgestilling som assistent i psykiatri. S1 har eit godt fagleg arbeidsmiljø, og vi søker deg som ønsker å bidra til og ta del i å oppretthalde dette.
Fast helgestilling inneber per i dag arbeid i todelt turnus kvar tredje helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa blir menn oppmoda til å søke. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
- God oppfølging av pasientar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål
- Tverrfagleg arbeid i sengeposten, inkludert gjennomføring av planlagd behandling i tråd med god klinisk praksis, sjukehuset sine mål og gjeldande regelverk
- Utøve god miljøterapi under rettleiing av sjukepleiar/vernepleiar
- Dokumentere og rapportere observasjonar og utførte tiltak
- Praktiske oppgåver knytte til drifta av sengeposten
Kvalifikasjonar
- Vi søker fortrinnsvis studentar innan sjukepleie, vernepleie, psykologi (profesjon) og medisin, men andre søkarar blir òg vurderte
- Vi ønsker å knyte til oss medarbeidarar som er fleksible, løysingsorienterte og fagleg engasjerte
- Personleg eignaheit er eit krav
- Erfaring frå arbeid med psykisk sjuke menneske er ein fordel
- Søkar må meistre norsk svært godt, både skriftleg og munnleg
- Sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
Vi søker deg som
- Har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Skapar gode relasjonar til dei rundt seg og opptrer med tolmod og respekt
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Er løysingsorientert, flink til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og tek gjerne imot hjelp
- Har evne til å vere lydhøyr overfor pasientar og pårørande i ein krevande livssituasjon
- Trivst i eit aktivt og travelt miljø og likar varierte utfordringar
- Følger opp delegerte oppgåver og er punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
- Vi tilbyr eit svært trivelegt arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Ein spennande og utfordrande jobb som er meiningsfull og gjev høve til personleg og fagleg utvikling
- Opplæring i terapeutisk meistring av aggresjon (MAP)
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marte Kristine Bjørgve, Seksjonsleiar, 55958712Asle Gramstad, Ass. seksjonsleiar, 55958510
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5197446203
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Asle Gramstad
Ass. seksjonsleiar
55958510
Marte Kristine Bjørgve
Seksjonsleiar
55958712
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e449e30d-7844-49e2-8e55-d92a25cac84f
- Sist endret
23. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a27bbc62c6224f04a8ecec68ebf5d9ac