Politibetjent
Møre og Romsdal Politidistrikt
Torget 8, 6440 Elnesvågen
Om jobben
- Stillingstittel
- Forebyggar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 3. september
Om stillinga
Ønskjer du ein meningsfull kvardag der du får jobbe med førebyggjande arbeid ved Hustadvika politistasjon? Vi har no ledig fast stilling og treng deg på laget!
Vi søkjer deg som er samfunnsorientert, har gode kommunikasjonsevner og har lyst til å bidra i utviklinga av det førebyggjande arbeidet i Hustadvika og Møre og Romsdal politidistrikt.
Hustadvika er ein kommune der ein kan få sletta delar av studielån. Meir informasjon her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-ordning-for-sletting-av-studielan-no-startar-oppteninga/id3080225/
Hustadvika og Romsdalen byr på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring eller anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Hustadvika? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Er du motivert for å utgjere ein forskjell, og villig til å strekkje deg langt for å oppnå dei måla vi set i det kriminalitetsførebyggjande arbeidet?
Vi søkjer medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
Arbeidsoppgåver
- operativ - og kunnskapsbasert førebygging med vekt på oppsøkjande og relasjonsbyggjande arbeid
- gjennomføre prioriterte kriminalitetsførebyggjande tiltak, tildømes oppfølging av personar i faresona, bekymringssamtalar og alternative straffereaksjonar
- svare ut aktuelle informasjonsbehov i politidistriktet
- foredrag og informasjonsverksemd, internt og eksternt
- samarbeide med lokal etteretning, etterforskning, politikontakter, andre førebyggjande funksjonar, vakt og beredskap, og andre einingar vedrørande personar, miljø, trendar og kriminalitetsutvikling
- førebyggjande arbeid opp mot offentlege verksemder
- bidra til å vidareutvikle driftseininga si tilnærming til det førebygjande arbeidet
- støtteliste ved Molde politistasjon kvar 3.helg (krev minimum IP4 godkjenning)
- etterforskning
- kan påleggast andre arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
- god skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
- operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller at ein kan få slik godkjenning
- plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med:
- erfaring/vidareutdanning innan kriminalitetsførebygging
- god kunnskap om kunnskapsbasert og kriminalitetsforebyggjande arbeid og metodikkar
- erfaring innan etterforskning
- gode ferdigheiter i bruk av relevante datasystem i politiet
Personlege eigenskapar
For å trivast og lykkast i stillinga ser vi for oss at du:
- har motivasjon og interesse for førebyggingsfaget
- har god sosial kompetanse og evne til å byggje relasjonar
- er heilskapsorientert og har gode samarbeidsevner, både internt og eksternt
- er strukturert og samtidig fleksibel når situasjonen krev det
- har evne til å byggje tillit og kommunisere godt med ulike målgrupper
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ein utfordrande og meiningsfull stilling for deg som ønskjer å førebyggje kriminalitet
- fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 til kr. 705 000
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 til kr. 610 000
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 til kr 585 000
- for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnslassering bli vurdert
- ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
- godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 000 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e438b484-47e9-4992-b623-d6ead652a963
- Sist endret
21. august 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10306411