Kontrollingeniørar E134 Vågsli-Seljestad
Statens vegvesen
Liamyrane, 5760 Røldal
Om jobben
- Stillingstittel
- Kontrollingeniører E134 Vågsli-Seljestad
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 16. oktober
Om stillinga
E134 Røldal -Seljestad er første byggetrinn på strekninga Vågsli - Seljestad, som skal betre aust-vest-forbindelsen over Haukelifjell. I denne omgang skal det byggast ein 12,4 km lang eittløpstunnel, med litt veg i dagen i kvar ende. Totalentreprisen vart signert 31.mars 2025, og byggestart var i mai 2025.
Vi har nå drevet omlag 2,4km av den nye Røldalstunnelen og har behov for å auke bemanninga i ein slagkraftig og kompetent prosjektorganisasjon til å leie utbygginga. Dette er eit langvarig prosjekt med ei byggetid på omlag 6 år. Her har du sjansen til å sette ditt preg på organisasjonen, og vere med på å bygge opp organisasjonen vidare. Du vil bli del av ein hyggeleg og arbeidsam gjeng, som har god kompetanse på området, og vi liker å sjå på oss sjølv som gode kollegar.
Stillingane inngår i ei skiftordning på 12/16, og kontorstad vil vere prosjektkontor på Liamyrane ved Røldal.
Lurer du på korleis det er å jobbe som kontrollingeniør i Vegvesenet? Her kan du lese om Marius sin kvardag som kontrollingeniør på Sotrasambandet.
https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/medarbeiderne-vare-forteller/marius-folger-opp-utbyggingsprosjekter-og-far-trafikken-frem/Arbeidsoppgåver
Som tilsett i prosjektet vårt vil du ha arbeidsoppgåver tilknytt din rolle som kontrollingeniør.
Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere:- utføre kontroll og dokumentasjon av entreprenørens arbeid og framdrift
- kartlegging på stuff med dokumentasjon av kartlagt geologi og sikring i Bever mapping
- bestilling og oppfølging av bergsikring
- bestilling og oppfølging av injeksjonsarbeid
- sikre god ivaretaking av HMS i prosjektet
- utarbeide og bruke egne kontrollplaner, og følge opp entreprenøren sine egne kontroller
- delta i byggemøte og relevante møter ved behov
Kjenner du deg igjen i ein eller fleire av desse oppgåvene, og har erfaring frå prosjekt, vil vi oppfordre deg til å søke!
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
- Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
- Relevant høgare utdanning frå høgskule, teknisk fagskule eller fagbrev innan anlegg- eller vegtekniske fag
- Relevant erfaring fra tunnel, minimum 3 år
- Kompetanse i bruk av digitale verktøy for oppfølging og rapportering
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Førarkort klasse B
Om du har omfattande og relevant erfaring, og gode personlege forutsetninger for stillinga, kan det kompensere for manglande formell utdanning.
Vi vektlegg:- omfattande erfaring innan tunnelarbeid
- kurs i ingeniørgeologi for bygge- og anleggsledere i underjordsarbeider (NTNU) eller liknande
- motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt
Vi ser etter deg som er sjølvgående, strukturert, har god organisasjonsforståing og gjennomslagskraft, og som trivast med å være ein påverkar. Du er fleksibel, initiativrik og løysingsorientert, har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Det er naturlig for deg å vere nøyaktig og kvalitetsbevisst, for du har erfart at detaljer er viktig.
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenVi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekkFor å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.
Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket frå kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
Positiv særbehandlingVi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Kontaktperson for stillingen
Frode Lykkebø
Prosjektleiar
+4791595865
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Utbyggingsdivisjonen i Statens vegvesen er Norges største landbaserte byggherre. Vi har ansvaret for å gjennomføre større utbyggingsprosjekter som Regjeringen tildeler Statens vegvesen. Dette innebærer å planlegge, prosjektere og bygge veiprosjekter med kostnad på over 200 millioner kroner, i tillegg til utbygging av vei og konstruksjoner i byvekstavtalene. Vi jobber tett og målrettet med våre samarbeidspartnere for å redusere klimagassutslipp, og tar i bruk ny teknologi for å levere ny og sikrere vei på en bærekraftig måte. Les mer om divisjon Utbygging her: Vil du bygge fremtidens veier med oss? | Statens vegvesen
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e4288e29-175a-4d61-8992-de12e323fc5d
- Sist endret
25. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10310438