Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i barnehage
Vognstølen barnehage, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 38, 5096 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i barnehage
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest lørdag 10. oktober
Vognstølen barnehage er ein av fire barnehagar i Helse Bergen har plass til over 70 barn i alderen 1 til 6 år.
Hos oss står leik, fellesskap og trivsel i sentrum. Vi ser på leik som barnas viktigaste arena for læring, utvikling og vennskap, og dei tilsette deltek aktivt i leiken, byggjer vidare på initiativa til barna og legg til rette for utforsking og meistring.
Barnehageåret 26-27 har vi i fokus på å bruke digitale verktøy som ein naturlig del av leik, utforsking og læring i barnehagen.
Humor, glede og gode relasjonar pregar kvardagen vår, og vi arbeider målretta for å skape eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for både barn og vaksne. No søker vi ein engasjert assistent eller barne- og ungdomsarbeidar som ønsker å vere med og gi barna ein kvardag fylt med omsorg, leik og gode opplevingar.
Vedkommande som får tilbod om stillinga må legge fram tilfredsstillande politiattest jmf. Lov om barnehager §30.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre, evaluere og dokumentere aktivitetar med barn i alderen 0-6 år
- Delta aktivt i dagleg arbeid med barn i alderen 0-6 år og ha medansvar for å skape eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø
- Samarbeide med øvrig personale med praktiske arbeidsoppgåver på avdelinga og i barnehagen
- Gi omsorg og ta aktivt del i og støtte barna i leik, samspel og vennskap
- Ha medansvar for å skape eit godt samarbeidsklima og eit godt arbeidsmiljø
- Dagleg kontakt med føresette
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller relevant utdanning og/eller erfaring frå arbeid med barn
- Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Grunnleggande IKT kompetanse
Personlege eigenskapar
- Positiv innstilling og god kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Imøtekommande, fleksibel og tilpassingsdyktig
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Påliteleg og ansvarsbevisst
- Engasjert i å gi barna gode opplevingar og erfaringar i barnehagen
- Positiv bidragsytar til samarbeid og eit godt arbeidsmiljø
- Stabil og omsorgsfull
- Respektfull og evne til å sjå det einskilde barnet sitt behov
- Leiken, nysgjerrig og utforskande saman med barna
- Evne til å ta ansvar og ha oversikt over barnegruppa
- Respektfull og raus i arbeidet med barn, kollegaer og føresette
Vi tilbyr
- Attraktiv arbeidsplass med engasjerte tilsette
- Godt fagleg miljø
- Fokus på fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø med imøtekommande medarbeidarar
- Flotte barn og engasjerte foreldre
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Spennande og engasjerande arbeidskvardag
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Irene Becker Pedersen, Styrar, 92249603Arbeidsstad
Haukelandsveien 385096 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5181093966
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Irene Becker Pedersen
Styrar
92249603
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e3ec9021-8a09-4904-baa5-8b70ba13f586
- Sist endret
17. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f7abee7c5d29420e99907026accb57fc