Skipsførar i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, p.t. MF Julsund
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fv49, 5414 Stord, 5413 Huglo, 5694 Onarheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Skipsførar i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, p.t. MF Julsund
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 17. oktober
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 styrkjer beredskapen i sambandet Jektevik - Nordhuglo - Hodnanes.I samband med dette blir det oppretta eit nytt skift og skiftordninga vil bli endra. Vi har difor ei ledig stilling som skipsførar.
Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøyet. For å lykkes i jobben er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner og ser verdien av å ha ein god dialog både med kollegaer om bord og på land.
MF Julsund blei bygd i 2004, men blei i 2019/2020 oppgradert og ombygd til hybrid der batteri er primær-energikjelde for framdriftssystemet.
Kvifor søkje denne stillinga:
- Fast og føreseieleg skiftordning: Du jobbar 12 timar på og 12 timar av –1 veke dag og 1 veke natt. 2 veker på og 3 veker fri.
- Perfekt balanse mellom arbeid og fritid: Ein jobb som passar godt for deg som ønskjer å kombinere arbeidslivet med familieliv og fritidsinteresser.
- Kjekke og dyktige kollegaer: Bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter i eit leiande rederi: Få verdifull erfaring i Norges største ferjeselskap – med moglegheiter for utvikling og vekst.
Tilsetjing skjer etter avtale, med ønskje om oppstart snarast mogleg.
Ansvarsområde for skipsførar
Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette inneber mellom anna:
- Leiing av mannskapet og daglege operasjonar om bord
- Ansvar for sikkerheitsstyring og energileiing
- Teknisk og operativ tryggleik, inkludert vedlikehald og beredskap
- Sikring av personleg tryggleik for både mannskap og passasjerar
- Ivaretaking av miljømessig tryggleik og etterleving av gjeldande miljøkrav
- Utføring av oppgåver i samsvar med gjeldande stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- VHF/ROC-sertifikat
- ECDIS kurs
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein ansvarleg og erfaren skipsførar med bakgrunn frå maritime operasjonar og leiing. Du bør ha god forståing for sikkerheitsprosedyrar, sterke kommunikasjonsferdigheiter og evne til å ta raske og gode avgjerder. Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift, samtidig som du inspirerer og leiar mannskapet om bord. Om dette høyrest ut som deg, tek vi med glede imot søknaden din!
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Stabil og trygg arbeidsplass hos ein solid aktør med fokus på kvalitet, tryggleik og miljø.
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
- Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar.
- Skiftordning: 12 timar på og 12 timar av – 1 veke dag og 1 veke natt. 2 veker på jobb og 3 veker fri.
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
Fv495414 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5023656965
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e38e9fd8-6dcc-4279-b6ca-5cc2f1b56517
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4ce85ea250f04a7380871cf0f3f461e3