Vi søkjer seljar med landbruksansvar
Kvam Fruktlager AS
Sjusetevegen 14, 5610 Øystese, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Butikkseljar med landbruksansvar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Butikkseljar med landbruksansvar i 100% fast stilling
Er du interessert i landbruk og trivst med å gi gode råd til kundar?
Vi søkjer ein engasjert og sjølvstendig butikkseljar med ansvar for landbrukssegmentet. Hos oss blir du ein viktig del av eit engasjert team, der kundane er alt frå bønder og entreprenørar til privatpersonar med interesse for maskiner, utstyr og service.
Stillinga spenner frå sal og koordinering av gjødselsalet vårt , til sal og kundehandsaming i butikk og på telefon. Du får eit breitt og variert ansvarsområde med mykje kundekontakt og samarbeid internt.
Arbeidsoppgåver
-
Sal og rådgiving til landbrukskundar i butikk og på telefon
-
Koordinering og oppfølging av gjødselsal
-
Oppfølging av eksisterande kundar og etablering av nye relasjonar
-
Bestilling, varemottak og utstilling av varer
-
Bidra til god drift av butikken -- inkludert kampanjar og sesongarbeid
Kvalifikasjonar
-
Erfaring frå landbruk eller butikk
-
Interesse for landbruk, maskiner og utstyr
-
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Strukturert og serviceinnstilt
-
Førarkort klasse B
Vi tilbyr
-
Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
-
Varierte arbeidsdagar med kundekontakt og ansvar
-
Opplæring i produkt og system
-
Konkurransedyktige vilkår og gode utviklingsmoglegheiter
Om bedriften
Kvam Fruktlager AS held til i Øystese i hjartet av Hardanger. Verksemda driftar i dag Felleskjøpet-butikk og gardsmatutsal.
I Felleskjøpet-butikken tilbyr vi eit breitt utval av varer til både gard, heim og fritid -- med god fagkunnskap og personleg service. Gardsmatutsalet vårt formidlar lokale produkt frå Hardanger og nærområdet, og bidreg til å løfta fram kvaliteten i lokal matproduksjon.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e38ad16b-a3d7-40aa-8d5d-1f3e17814a76
- Hentet fra
FINN
- Referanse
430675049