Postdoktor (innstegsstilling) i eksperimentell tungionefysikk
Universitetet i Bergen
Allegaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Postdoktor (innstegsstilling) i eksperimentell tungionefysikk
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktor (innstegsstilling) i eksperimentell tungionefysikk
Ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT) er det ledig ei innstegsstilling som postdoktor i eksperimentell tungionefysikk, knytt til NorCC-prosjektet finansiert av Norges Forskningsråd. Stillinga er for ein åremålsperiode på seks år, med moglegheiter til fast tilsetjing som førsteamanuensis ved slutten av tilsetjingsperioden.
Om innstegsstillinga
Ordninga med tilsetjing på innstegsvilkår skal bidra til å rekruttere særs dyktige kandidatar til faste vitskapelege toppstillingar. For den rette kandidaten vil dette vere eit godt høve til å sikre seg ei akademisk karriere i fast stilling. Den som vert tilsett vil ha oppgåver knytt til undervisning, formidling av resultat og administrasjon. Delen av stillinga knytt til disse oppgåver avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov, og vert avgjort i samråd med instituttleiar ved tilsetjing.
Fakultet og institutt pliktar å leggje til rette for vidareutvikling av kompetansen til den som vert tilsett, innan undervisning, forsking, formidling og innovasjon.
- For at søkjarar skal verte vurdert kvalifiserte, kan det ikkje ha gått meir enn fem år sidan avlagt doktorgrad. Søkjaren kan få tillegg i tid for permisjon knytt til fødsel eller adopsjon. Dersom søkaren enno ikkje har forsvart doktorgraden sin ved søknadstidspunktet, må graden vere oppnådd innan 28.09.2025.
- Ei midtvegsevaluering skal utførast i løpet av tredje året
- Ei sluttevaluering skal utførast innan utgangen av det femte året
- Fast tilsetjing som førsteamanuensis avheng av ei tilfredsstillande sluttevaluering
- Den som blir tilsett skal ha erfarne faglege mentorer i første halvdel av perioden
Den som vert tilsett, skal delta i forsking og undervisning på same måte som vår noverande akademiske stab. Dette omfattar undervisning og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå.
Utfyllande informasjon om vilkår for innstegsstilling finn du lengre nede i utlysingsteksten.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Stillinga er knytt til den norske aktiviteten i ALICE-prosjektet på CERN, finansiert av Norges Forskningsråd. Eksperimenta ved Large Hadron Collider (LHC) på CERN samlar no inn data fram til 2026, før maskinen og eksperimenta vert oppgraderte, og data frå dei oppgraderte eksperimenta har potensial til banebrytande resultat innan kjerne- og partikkelfysikk. Tungionegruppa ved IFT tek del i ALICE-eksperimentet, og kandidaten skal arbeide innan analyse og tolking av data registrert av ALICE i Run 3. ALICE tek sikte på å kunne karakterisere kvark-gluon-plasma ved hjelp av gode system for partikkelidentifikasjon ved låg og mildare rørslemengd. Spesielt gjeld det studium av sjeldne signal, blant anna partiklar som inneheld tunge kvarkar ("heavy flavours").
Primærfokus for den norske ALICE-aktiviteten i Run 3-perioden er kvantitative studium av partonisk materie som blir danna i tidlege fasar av tungionekollisjonar og dessutan innverknad av kalde kjernematerie-effektar, ved å ta i bruk sjeldne signal som inneheld tunge kvarkar, særleg "charmonia". Andre analysetema kan vere gjennomtrengande partiklar som fotoner og "jets", samt ultraperifere kollisjonar. Denne stillinga er primært retta mot studium av "charmonium"-produksjon ved midt-rapiditet, målt i di-elektron-kanalen, no med tilgjengelege data frå høgaste LHC-energi.
Sjølv om det er planer for drift av LHC i dei neste 20 åra går det no føre seg viktige diskusjonar om kva som skal bli dei framtidige eksperimenta. I denne samanheng er det venta at kandidaten tek del i strategisk arbeid i ALICE kollaborasjonen og innan CERN-relatert forsking generelt. Det er også forventa at kandidaten arbeider saman med detektor- og elektronikkmiljøa ved instituttet for å vidareutvikle forskingsmiljøet.
Kandidaten vil ha base i Bergen, men må rekne med å bruke tid på eksperimentelle målingar og andre ALICE-aktivitetar på CERN i Genève.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor eksperimentell tungionefysikk / høgenergi subatomær fysikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring frå arbeid i store eksperiment/kollaborasjonar er eit krav.
- Kunnskap om ALICE-analyse, programvare og programmering er eit krav.
- Vitskapleg profil i tråd med aktivitetane i dei norske ALICE-gruppene (skissert ovanfor) er eit krav.
- Språkkunnskap i norsk (eller eit anna skandinavisk språk) er ein fordel, men ikkje eit krav. Den som vert tilsett må imidlertid kunne undervise på norsk innan fire år etter tiltreding. Norskopplæring vil bli tilbydd.
- Gode kunnskapar i programmering med erfaring frå data-analyse og/eller simulering er eit krav.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 657 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
- relevante attestar
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleiar Kjetil Ullaland, +47 55582871, kjetil.ullaland@uib.no
Prof. Dieter Röhrich, +47 5558 2722, Dieter.Rohrich@uib.no
Prof. Joakim Nystrand, +47 5558 2776, Joakim.Nystrand@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, +47 55583527, vivian.jacobsen@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Krav for å få fast tilsetjing som førsteamanuensis ved utløp av åremålsperioden
Arbeidsavtalen og utlysingstekst fastset resultata, krava og kriteria den tilsette skal oppfylle i løpet av åremålsperioden for å få fast tilsetjing som førsteamanuensis.
I tillegg må følgjande krav må vere oppfylte for å få fast tilsetjing:
Krav til utdanningsfagleg kompetanse
Kompetansekrav for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis går fram av forskrift til universitets- og høyskoleloven § 3-6 og § 3-8, og Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB . Ved UiB er kravet om grunnleggande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå konkretisert ved at følgande skal dokumenterast på bakgrunn av egen undervisning/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning:
- Grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing
- Evne til å reflektere over egen rolle, samt diskutere og grunngje eigne val i planlegging, gjennomføring og utvikling av undervisning og rettleiing.
Universitetspedagogisk basiskompetanse
Kravet i forskrifta inneber at kompetansekravet kan oppnåast enten ved at søkaren har gjennomført eit eige program på minimum 200 timar, eller kan dokumentere kompetansen gjennom ei kombinasjon av relevante kurs og eigen praktisk undervisning som kan vurderast å tilsvara eit program på minimum 200 timar.
UiB tilbyr kurs i universitetspedagogisk basiskompetanse for nytilsette i vitskapelege stillingar. Kurset består av tre obligatoriske emnar og minst tre valfrie emnar (til samen 200 timer).
Døme på dokumentasjon
Vurderinga av om disse kompetansekrava er oppfylt, kan bygge på dokumentasjon av følgande:
- Gjennomførte kurs i universitetspedagogisk basiskompetanse eller tilsvarande
- Planlegging og gjennomføring av undervisning med utgangspunkt i emnets beskrivingar av læringsutbyte
- Forskingsrettleiing på ulike nivå
- Utprøving av ulike former for vurdering, læring og undervisning, irekna digitale, for å auke studentanes læringsutbytte
- Evne til å grunngi eiget lærings- og kunnskapssyn og forholda seg reflekterande til eigen lærarrolle
- Innhenting og bruk av tilbakemeldingar frå studentar, kollegar og samfunnet til å utvikle undervisnings- og læringsprosessar
- Evne til å analysere, utarbeide og vidareutvikle emnebeskriving og studieprogram
Pålegg om å oppfylle krava innan to år frå tilsetjing som førsteamanuensis
Der søker til førsteamanuensisstilling ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, skal vurderingskomiteen beskrive kva som står att. Søkaren vil da bli pålagt å oppfylle krava innan to år frå tilsetjing som førsteamanuensis.
Krav til tilsette i innstegsstilling som postdoktor
I løpet av åremålsperioden skal den tilsette kvalifisere seg til fast førsteamanuensisstilling. Innan tre år av åremålsperioden vil det verte gjennomført ei midtvegsevaluering der den tilsette skal vurderast i høve til progresjon i stillinga ut frå krav om førsteamanuensiskompetanse. Evalueringa skal gjennomførast med utgangspunkt i arbeidsavtalen, og skal rettleie den tilsette i høve til kva oppgåver som skal prioriterast i resten av åremålsperioden for å oppfylle krava om fast tilsetjing som førsteamanuensis.
Den tilsette vil også få ei sluttevaluering før utløp av åremålsperioden i høve til om krava som var fastsett i arbeidsavtalen, er innfridd. Innan 12 månader før åremålet tek slutt skal fakultetsstyret ha oppnemnd ei sakkunnig nemnd og fastsett fristar for innlevering av arbeid frå den tilsette og nemnda. Den tilsette skal ha beskjed om fristar og sakkunnig nemnd så snart dette er vedteke.
Kandidaten skal informerast om utfallet av sluttevalueringa seinast seks månader før utgongen av åremålet. Kandidaten kan komma med merknader til evalueringa og det kan givast tilleggsfråsegn til dei delane av evalueringa.
Med utgangspunkt i sluttevalueringa avgjer fakultetsstyret om kandidaten skal få fast tilsetjing i stilling som førsteamanuensis.
For å få fast tilsetjing som førsteamanuensis ved Institutt for fysikk og teknologi (jamfør forskrift til universitets- og høyskoleloven § 3-6 og § 3-8, og Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB) etter avslutta åremålsperiode, skal kandidaten gjennom ei sluttevaluering ha oppnådd gjeldande kompetansekrav for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis, som skal godkjennast av fakultetsstyret ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi.
Den vanlege ordninga med å søkje personleg opprykk etter kompetanse gjeld ikkje for perioden vedkommande er åremålstilsett på innstegsvilkår.
Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervising, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e381b9a7-2ea9-4732-9ede-bcb2fac255c0
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10262108