Hopp til innhold

Fast 80% stilling som helsesekretær eller bioingeniør

Arbeidsgiver

Seljord Helsesenter Allmenn Legeteneste

Sted

Ingrid Slettens veg 16, 3840 Seljord

Om jobben

Vi søkjer ein autorisert helsesekretær eller bioingeniør i 80 % fast stilling.

Oppstart
1. februar 2027
Stillingstittel
Helsesekretær
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. november

Hva vi ser etter

  • Er autorisert helsesekretær eller bioingeniør

  • Har erfaring frå legekontor og/eller laboratoriearbeid

  • Er serviceinnstilt og møter pasientar med respekt og omtanke

  • Er ein positiv lagspelar som trivst med tverrfagleg samarbeid

  • Har interesse for fagutvikling og kvalitetsforbetring

  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø


Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

  • Laboratoriearbeid og prøvetaking

  • Mottak og oppfølging av pasientar

  • Assistering ved undersøkingar og prosedyrar

  • Administrative oppgåver ved legekontoret

  • Bidrag til utvikling av gode pasientforløp og arbeidsprosessar

Vi tilbyr

  • Eit variert og spennande arbeid i ein travel og viktig del av helsetenesta

  • Dyktige og trivelege kollegaer

  • Eit sterkt tverrfagleg miljø med fokus på samarbeid og utvikling

  • Gode moglegheiter for fagleg vekst

  • Løn etter Hovudtariffavtala

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

  • IA-bedrift

Kontaktperson for stillingen

Kine Jordbakke

einingsleiar

95926844

kine.jordbakke@seljord.kommune.no

Om bedriften

Seljord kommune

Seljord er ein naturskjønn aktivitetskommune i hjartet av Telemark med om lag 3000 innbyggarar. Her finn du eit rikt kulturliv, store arrangement gjennom året, gode friluftsmoglegheiter og eit levande lokalsamfunn. Kommunen er eit viktig handels- og trafikknutepunkt i regionen, og tilbyr gode tenester innan oppvekst, kultur og helse.

Seljord helsesenter

Seljord helsesenter er eit veldrive kommunalt helsesenter med seks fastlegar og to LIS1-legar. Legevakt, helsestasjon, fysioterapi, ergoterapi og psykisk helse og rus er samla i avdelinga. Dette gir eit spennande og tverrfagleg arbeidsmiljø med korte avstandar mellom fagmiljøa.

Hos oss arbeider helsesekretærar, bioingniør, sjukepleiarar, legar og andre helseprofesjonar tett saman. Vi legg vekt på samarbeid, fagutvikling og å skape gode tenester for innbyggjarane våre.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e308a635-ac25-4df2-8295-4a842e9365b2

Sist endret

18. november 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

e308a635-ac25-4df2-8295-4a842e9365b2

Lignende annonser

Laster lignende annonser