Bioingeniør ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Bioingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Vil du vere med på å sikre presis og trygg pasientbehandling – og samstundes utvikle deg fagleg i eit stort og variert laboratoriemiljø?
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) ved Haukeland universitetssjukehus har som oppdrag å levere laboratorieanalysar av høg kvalitet – til rett tid og med høg fagleg presisjon – for å støtte diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar. Vi er det største laboratoriet i Helse Bergen, med over 360 tilsette fordelt på ulike seksjoner og fagfelt.
Som bioingeniør hos oss blir du ein viktig del av dette arbeidet. Du får etter kvart varierte oppgåver innan både preanalytiske og analytiske prosessar, og moglegheit til å jobbe på tvers av fleire seksjonar. Analysearbeidet omfattar mellom anna automatisert biokjemi, hematologi og koagulasjon, hormon, porfyri- og proteinanalysar, rusmiddeltesting og pasientnær analysering. Dette gir deg god innsikt i breidda av laboratoriediagnostikk og moglegheit til å byggje erfaring innan ulike fagområde.
Vi legg til rette for rullering mellom seksjonar og gir rom for å utforske ulike metodar og spesialfelt – i den grad det lar seg kombinere med avdelingas behov og drift.
Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til trygg og presis pasientbehandling. Du er nysgjerrig på nye metodar, likar å lære, og set pris på å samarbeide med kollegaer. Vi ønskjer deg som bidreg positivt til arbeidsmiljøet, og har lyst til å gjere ein jobb som betyr noko for andre.
Aktuelle søkarar kontaktes fortløpande. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Som bioingeniør hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med både preanalytiske og analytiske oppgåver. Du vil mellom anna jobbe med blodprøvetaking, prøvebehandling og analysearbeid innan ulike fagområde. Arbeidet gir god innsikt i breidda av laboratoriediagnostikk, og du får anledning til å utvikle deg gjennom praktisk erfaring i fleire delar av drifta.
Bioingeniørar i grunnstilling deltar i 3-delt vaktordning.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå medisinsk laboratoriearbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
- Interesse for teknologi og laboratoriemetodar
- Gjerne erfaring med eller interesse for kvalitetsarbeid, IT eller forbetringsarbeid
- Personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på
Personlege eigenskapar
- Ønsker å bidra til eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for pasientane
- Er nysgjerrig og open for å lære nye metodar og arbeidsområde
- Trivst med samarbeid og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Er strukturert og påliteleg i arbeidet – samstundes som du er open for å stille spørsmål og lære undervegs
- Kan arbeide sjølvstendig og organisere eigen arbeidsdag på ein effektiv måte
- Er positiv, ser etter løysingar og viser engasjement for faget
Vi tilbyr
- Eit inkluderande arbeidsmiljø
- Eit organisert opplæringsprogram
- Moglegheiter for rullering mellom seksjonar
- Lønn etter overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no
Anne Grete Aune, Seksjonsleiar personal- og driftsstøtte, 55973091, anne.grete.aune@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5026331507
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e2f90611-4fa5-4875-b8ad-2330badeba1f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
823b205257d64b78b3f161dc39826e94
Lignende annonser
Fagbioingeniør Hormonlaboratoriet
Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Sted
Bergen