Tilkallingsvikar - Åmot skule
Åmot skule, Vinje kommune
Skulevegen 10, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar - Åmot skule
Type ansettelse
Vikariat
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. mai
Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar frå alle verdas hjørne. Me ynskjer oss vikarar som er tydelege, inkluderande og har ein autoritativ arbeidsstil, med hjarte for opgåvene. Ved vår skule vil du få høve til å utvikle deg både i klasserommet og i fagfellesskapet med andre pedagogar og fagarbeidarar.
Me søkjer etter engasjerte og dyktige tilkallingsvikarar, som vil jobbe hos oss i korte og lengre oppdrag skuleåret 2024-2025.
Dette er ei open utlysing og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Tilkallingsvikarar for kortare og lengre fråver
- Undervisning på 1.-10. trinn og vaksenopplæring
- Aktivt bidra til å byggje laget kring elevane
- Delta på relevante møte
- Delta på skulens utviklingsarbeid
- Assistent på SFO i skuletida og feriar
- Andre relevante oppgåver som td. inspeksjon
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning med undervisningskompetanse
- PPU
- Fagbrev barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsefagarbeidar, andre sosialfaglege utdanningar er relevant
- Anna relevant kompetanse kan vere aktuell
- Erfaring frå grunnskule og VO er ein fordel
- Kunnskap om Fagfornyinga
- Interesse og kunnskap for pedagogisk bruk av IKT og aktiv bruk av læringsplattform
- Interesse og kunnskap om Gaming er eit ynskje
- Interesse for å bruke naturen som klasserom
- Utdanning frå utlandet krev NOKUT-godkjenning
- Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har godt humør, er raus og trivast saman med elevar
- Du har eit positivt elev- og menneskesyn
- Du likar å vera aktiv deltakande i samhandling, aktivitetar og leik
- Du er tydeleg, strukturert og evnar å omstille deg på kort varsel
- Du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar
- Du har høge ambisjonar på vegne av elevane
- Du stiller presis og godt førebudd til skuledagen
- For lærarvikarar må du planleggje og gjennomføre undervisning
- Du er ein god formidlar og evnar å skape gode relasjonar
- Du likar å arbeide i team, delar kompetanse og bidreg til gode og trygge rammer kring elevane
- Du likar å lære nye oppgåver
- Personlege eigenskaper blir vektlagd
Me tilbyr
- Ein skule som er kjend for eit godt arbeidsmiljø, høg kompetasne og stort engasjement
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Lunsj til hyggjeleg pris for tilsette
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Tilsetting er betinga av godkjend politiattest.
Kontaktinformasjon
Renate Øien, Verksemdsleiar, +47 40452948Arbeidsstad
Skulevegen 103890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4892987839
Søknadsfrist: 31.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Renate Øien
Verksemdsleiar
+47 40452948
Om bedriften
Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg, og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1-10 skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2805005
- Hentet fra
talentech
- Referanse
05833b44b3d74df38d0383bed547265d