Instituttleiar ved Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet
Universitetet i Bergen
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Instituttleiar ved Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 23. september
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAInstituttleiar ved Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet
Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fagleg spanande og utfordrande åremålsstilling for fire år som instituttleiar ved Klinisk institutt 1, frå 01.03.2026.
Instituttet har for tida 43 faste vitskaplege stillingar, 33 tilsette i rekrutteringsstillingar, 19 teknikere og 12 administrativt tilsette, i tillegg til 118 tilsette i ekstraerverv. Klinisk institutt 1 har eit grunnbudsjett på om lag 73 millioner NOK og eksterne midlar på om lag 65 millioner NOK. Instituttet held til på universitetscampus ved Haukeland universitetssjukehus og har eit nært samarbeid med sjukehuset. Klinisk institutt 1 har som oppgåve å drive medisinsk forsking, rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå for å oppnå fakultetet sin visjon «Ny kunnskap for betre helse».
Den faglege porteføljen ved instituttet er brei. Instituttet husar sterke forskingsgrupper, og har ei sentral rolle i utdanning av studentar i medisin, fleire mastergradprogram, inkludert ernæring. Klinisk institutt 1 har rekruttering til ph.d.-programmet, og gjennomføring av doktorgraden, som ett av sine fire hovedmål for forskning. Ved instituttet er omkring 140 kandidater aktive i ph.d.-programmet . Instituttet er organisert i følgjande 18 fagområder/seksjoner: psykiatri (voksne og barn), anestesiologi og intensivmedisin, dermatologi, ernæring, gastroenterologi, gastroenterologisk kirurgi, kirurgi og ortopedi, mottaksmedisin, nefrologi, nevrokirurgi, nevrologi, oftalmologi, otorinolaryngologi, patologi, plastikkirurgi, radiologi, urologi og vivarium/dyreavdelingen:
Instituttet har ei regional forankring innan medisinsk forsking og utdanning, husar fleire sentre og er ein viktig aktør inn mot Vestlandslegen.
Dei viktigaste oppgåvene til instituttleiar er følgjande:
- leie og utvikle verksemda ved instituttet i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen.
- bidra til utviklinga av fakultetet med vekt på høg kvalitet i utdanning, forsking og formidling.
- bidra inn mot fakultetets leiargruppe.
- sørgje for god fagleg leiing med vekt på kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon.
- representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid.
- stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskings- og utdanningsfinansiering.
- skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø.
- sikre at kjønns- og mangfaldsperspektivet er godt vareteke ved tilsetjingar og i instituttkulturen.
- skape arenaer for samarbeid, medverknad og dialog.
- sørgje for tenleg infrastruktur, tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda.
- sørgje for god økonomistyring og at internkontroll fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar.
Vi søkjer ei instituttleiar som:
- er ein anerkjent forskar, med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved instituttet (eller nærståande fagfelt).
- har gode leiareigenskapar, og kan vise til resultat.
- har erfaring frå forskings- og utdanningsleiing.
- har evne til å arbeide strategisk mot fastsette mål, har gode evner til kommunikasjon, og evne til å skape tillit og byggje nettverk, både internt og eksternt.
- har god innsikt i kunnskapsorganisasjonar og dei krav som vert stilt til administrative tenester og god økonomistyring.
- har ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog.
I tillegg blir det lagt vekt på:
- perspektiv på forsking og utdanning, nasjonalt og internasjonalt.
- gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og engelsk.
- personlege eigenskapar.
Det vil bli lagt til rette for at den som får stillinga kan ha relevant bistilling utanfor Universitetet i Bergen. Det er eit ynskje at leiarskapet vert kombinert med eiga forskingsaktivitet. Universitetet i Bergen, og Det medisinske fakultet kan tilby eit konkurransedyktig fagmiljø og ein infrastruktur og utstyrspark, som er i internasjonal klasse. Vi legg til rette for instituttleiar sin forskingsaktivitet og leiarutvikling. Eit nært samarbeid med helseføretaka og primærhelsetenesta er av stor verdi for vår forskings- og undervisningsaktivitet.
Instituttleiar rapporterer til dekanus og inngår i fakultetet si leiargruppe. Informasjon om instituttet og fakultetet kan du finne på Universitetet i Bergen sin eksternweb: https://www.uib.no/med
Vi tilbyr:
- eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
- faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- løn er for tida kr 1 200 000 – 1 300 000 (kode 1475). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan høgre løn verte vurdert.
- god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- CV, vitnemål og attestar.
- Fullstendig publikasjonsliste.
- Pedagogisk mappe. Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga som professor, sjå retningslinjer for oppretting av ei pedagogisk mappe her: eining for læring.
- Ei liste over vitenskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde.
- Vitskapleg arbed du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15) i passande format (pdf) som vedlegg.
- To referansar (namn og kontaktinformasjon).
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Interesserte kan kontakte dekan Marit Bakke, telefon 958 18 531, e-post Marit.Bakke@uib.no eller fakultetsdirektør Synnøve Myhre, telefon 934 84 614, e- post: synnove.myhre@uib.no
Kvinner vert oppmoda særskilt til å søkje stillinga. Dersom fleire søkjarar vert vurdert å ha tilnærma like kvalifikasjonar, vert avgjerda om kjønnskvotering i Personalreglementet for tekniske og administrative stillingar nytta.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn i tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e286e3d1-e5f5-4a24-bc62-ae35b54163b2
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261476