Prosjektøkonom (vikariat) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektøkonom (vikariat) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. oktober
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgASeniorkonsulent
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til eit eittårig vikariat i stilling som prosjektøkonom ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Fakultetet er organisert i ulike fellesadministrative einingar og seksjonar.
Stillinga er knytt til fakultetet sin økonomiseksjon, men hovudarbeidsplassen vil være ved eitt eller fleire av våre institutt. Du vil og samarbeide tett med dei andre økonomane i fakultetet sin økonomiseksjon. Den som blir tilsett vil få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver og arbeide nært med instituttleiinga, og med våre forskarar i eit internasjonalt miljø.
Hovudoppgåver i stillinga
- Oppfølging av eksternfinansierte prosjekt, og utvikle særskilt kompetanse på enkelte prosjekttypar/finansieringskjelder
- Budsjettering av prosjektsøknader til ulike finansieringskjelder
- Vidareutvikling og kvalitetssikring av rapportar, styrings- og leiingsverktøy, samt økonomirutinar
- Bidra til andre driftsoppgåver økonomiseksjonen har ansvar for
Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt behov og kontinuerlege utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Høgare utdanning innan økonomi på bachelor eller helst masternivå.
- God økonomiforståing, og med nødvendig presisjon i arbeidet.
- Relevant økonomierfaring frå universitets- og høgskulesektoren er ein føremon
- Vi ønskjer at du er motivert, serviceinnstilt, sjølvstendig, strukturert og effektiv
- God administrativ it-kompetanse
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God kompetanse i munnleg og skriftleg norsk og engelsk
Personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.
Vi kan tilby:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
- Løn som seniorkonsulent etter kode 1363, for tida mellom kr. 590 000 – 680 000. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd
- Fleksibel arbeidstid
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til assisterande fakultetsdirektør Vibeke Irgan, mobil 926 03 364, e-post: vibeke.irgan@uib.no
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 2025/12044
Søknadsfrist: 15. oktober
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e1e44bac-4b91-4316-9aed-e93ea6ea1cd4
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264018