Vi styrker vår salgsavdeling og søker derfor seljar / salsleiar
Auto 8-8 Forum
6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Seljar / Salsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 16. januar
Auto 8-8 Forum søkjer ein engasjert og offensiv seljar som vil vere med å styrke salsteamet vårt. Vi ser etter deg som trivst med kundekontakt, skapar tillit og gjerne er synleg og aktiv i sosiale medium - eller har eit stort nettverk du nyttar i salskvardagen. For rett person kan det også vere aktuelt med ei rolle som salsleiar.
Våre kundar skal få den beste kjøps- og eigarskapsopplevinga når dei handlar hos oss. Vi har høge standardar – her vil du jobbe med fleire av verdas største bilmerke og få verdas beste kollegaer!
Arbeidsoppgåver:
- Behovskartlegging med kundar, utarbeiding av tilbod på bil, finans, forsikring, tilleggsutstyr og serviceavtalar m.m.
- Vere til stades i salslokalet og yte ekstraordinært god service til både nye og eksisterande kundar.
- Ivareta og vidareutvikle kundeporteføljen.
- Halde deg oppdatert på produkt og delta på kurs for å vidareutvikle og oppretthalde høg kompetanse.
- Bidra til fellesskapet i avdelinga: prising av bilar, rydding, logistikk, flytting og organisering.
- Relasjonsbyggjande aktivitetar som til dømes messer og kundearrangement.
- Handtere leads via telefon, e-post og andre nettbaserte kanalar.
Kompetanse/erfaring:
- Kan vise til erfaring frå sal, fortrinnsvis frå bilbransjen. Anna relevant kompetanse kan vege opp for manglande bransjeerfaring – men du har ein sterk bilinteresse!
- Handtere PC og digitale verktøy godt.
- Er god til å byggje og vedlikehalde relasjonar.
- Har førarkort klasse B.
- Gode språk og formidlingsevne på norsk.
Personlege eigenskapar:
- Bidreg positivt til eit godt miljø, initiativ og energi.
- Er genuint oppteken av god service og å skape gode kunderelasjonar.
- God forretnings- og økonomiforståing. Er ein kremmar.
- Har lett for å ta i bruk ny teknologi.
- Har god generell kunnskap og sterk interesse for bil.
- Er løysings- og resultatorientert.
- Er ein lagspelar som kommuniserer og samarbeider godt med kollegaene dine.
- Du vert trigga av å nå dine og avdelinga sine mål.
Vi tilbyr:
Vi kan tilby deg jobb i eit solid bilkonsern, med ein spennande, utfordrande og allsidig arbeidskvardag. Hos oss er trivsel og godt arbeidsmiljø viktig, og vi jobbar aktivt for å leggje til rette for aktivitetar som fremjar dette. Du vil jobbe i ei verksemd med ein framoverlent strategi, med svært spennande produkt – no og i framtida. Hos oss får du ein innhaldsrik jobb, god opplæring og kunkurransedyktige vilkår.
Vi er stolte av å jobbe i Auto 8-8. Om du blir vår nye kollega, tilbyr vi ein spennande, utfordrande og allsidig arbeidskvardag. Hos oss er trivsel og eit godt arbeidsmiljø viktig, og vi jobbar aktivt for å leggje til rette for aktivitetar som fremjer dette. Kvalitet er ein del av varemerket vårt, og vi set derfor fokus på god opplæring og kunkurransedyktige vilkår.
Som ein del av laget hos Auto 8-8 vil du jobbe i ei verksemd med ein framoverlent strategi, med svært spennande produkt – no og i framtida. Hos oss finn du ambisiøse, kunnskapsrike og kundeorienterte lagspelarar som set kvalitet i fokus. Vi er og godkjend lærebedrift og sertifisert Miljøfyrtårn.
Har du spørsmål om oss i Auto 8-8 eller om stillinga?
Dagleg leiar Hans Erik Nødset, tlf 995 55 535, eller les mer om oss på våre heimesider.
Alle søknadar behandlast konfidensielt og vurderast fortløpande.
Kontaktpersoner for stillingen
Hans Erik Nødset
Om bedriften
Auto 8-8 er et bilkonsern som representerer merkevarene Ford, Nissan, Hyundai, Mazda og Seres, i tillegg til Hertz bilutleie. Vi har tatt en offensiv rolle i trenden med konsolidering og fornyelse av bilbransjen, og er et resultat av at til sammen 10 tradisjonsrike bilselskaper er samlet under samme eierskap, T. Sildnes Bil fra Eide på Nordmøre. Konsernledelse sitter i Kristiansund. Vi har butikker fra Førde til Bodø, og er største bilkonsern med base på nordvestlandet. Vår visjon er at vi skal tilby lønnsomme og bærekraftige mobilitetsløsninger til våre kunder. I Auto 8-8 setter vi høye krav til oss selv og vi har derfor en ambisjon om å være bransjens mest attraktive arbeidsplass. Hos Auto 8-8 er vi en del av et fellesskap der vi løfter hverandre, deler kunnskap og jobber sammen for å oppnå ambisiøse mål. Auto 8-8 Forum samarbeider med Leikanger Auto i Sogn og Stryn Mek i Nordfjord. Vi har mange dyktige medarbeidarar med høg kompetanse. No treng vi fleire!
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e1d6b1a3-33d4-433e-a3fe-f5c11f09ed3d
- Sist endret
17. desember 2025
- Hentet fra
recman
- Referanse
460909
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Gaular Bil AS
Sted
Sande i Sunnfjord
Arbeidsgiver
Plantasjen
Sted
Førde
Servicetekniker | Førde og Florø
Arbeidsgiver
Hesselberg
Sted
Førde