100% vikariat som ergoterapeut i Ullensvang kommune
Ullensvang kommune Ergo- og fysioterapiteneste
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. desember
Me tilbyr varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljø saman med andre ergoterapeutar og fysioterapeutar, og i tett samarbeid med andre kommunale tenester.
Ullensvang kommune arbeider for å skape bærekraftige, framtidsretta og heilskaplege tenester med brukaren i fokus. I tillegg til rehabilitering og klinisk verksemd, skal tenesta fokusere på helsefremjande og førebyggjande tiltak.
Tenesta har avdelingar i Odda, Kinsarvik, Lofthus, Utne og Jondal. Oppmøtestad vil vere i Odda. Oppgåver og arbeidsområde innad i kommunen vil kunne variere etter behovet i tenesta. Du vil arbeide med brukarar i alle aldrar: born, vaksne og eldre.
Me har ledig inntil 100% vikariat i tidsrommet frå 01.02.26-31.12.26 med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
Kartlegging, funksjonstrening og tilrettelegging i møte med ei variert brukargruppe.
Rettleiing og rådgjeving til brukarar, pårørande og andre fagpersonar.
Habilitering/ rehabilitering i samarbeid med andre kommunale tenester t.d. skule/barnehage, heimetenester, helseinstitusjonar, etc.
Tverrfagleg samarbeid rundt enkeltbrukarar, og på systemnivå
Formidling, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel
Tilrettelegging og tilpassing av bustad og omgjevnadar
Førebyggjande og helsefremjande arbeid på systemnivå og til ulike brukargrupper t.d. informasjonsformidling, universell utforming, grupper etc.
Delta i kvalitets- og fagutvikling ergo- og fysioterapitenesta, og i andre kommunale tenester ved behov.
Personlege eigenskapar
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg med andre kommunale tenesteytarar og i spesialisthelsetenesta.
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, og ta ansvar i drifta av tenesta.
Profesjonell, positiv og engasjert i møte med pasientar, kollegaer og andre samarbeidspartar. Evne til å møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov.
Motivert for å driva utviklingsarbeid i tenesta, og ha interesse for framtidsretta tenesteyting.
Evne til fleksibilitet, og å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo.
Det er forventa at ergoterapeuten arbeider kunnskapsbasert og held seg jamleg fagleg oppdatert.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Kvalifikasjonar
Offentleg godkjent ergoterapeut med norsk autorisasjon.
Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg.
Grunnleggjande datakunnskapar. Physica og Aidn vert nytta som fagsystem.
Fordel med relevant erfaring frå kommunehelsetenesta.
Førarkort klasse B.
Politiattest vert kravd før tilsetjing, jmf Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Me tilbyr
Varierte og spennande arbeidsoppgåver.
Fleksible arbeidsdagar.
Flotte kollegaer i eit kjekt fagmiljø.
Mogelegheit til å utvikle tenesta og nye tilbod.
Løn etter hovudtariffavtalen.
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Velkomen som søkjar på stillinga!
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Forslått fjerna i statsbudsjettet
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e1b84c75-690c-4fcf-912f-d1516c5cc0df
- Sist endret
17. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3565063_193161_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Ergo- og fysioterapiteneste
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Helsestasjon
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Helsestasjon
Sted
Odda