Sommarjobb: Digital innhaldsprodusent i Nordfjordkompaniet!
Nordfjordkompaniet
Hegrevegen 1, 6783 Stryn, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Digital innholdsprodusent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Send søknad til
Er du kreativ, engasjert og glad i å formidle gode historier? Studerer du kommunikasjon, marknadsføring, medieproduksjon eller liknande? Eller er du berre veldig glad i slikt arbeid? Då kan dette vere sommarjobben for deg!
Om ossNordfjordkompaniet jobbar for å gjere Nordfjord til ein endå betre stad å jobbe, leve og bu. Vi samlar på superkrefter og skapar spennande prosjekt som knyter saman næringsliv, utdanning og lokalsamfunn. No ser vi etter ein digital innhaldsprodusent som kan hjelpe oss med å formidle desse historiene på ein engasjerande måte.
Om stillingaSom digital innhaldsprodusent vil du få ansvar for å skape innhald til våre digitale plattformer. Dette kan vere alt frå artiklar og SoMe-innlegg til foto og video. Vi tenkjer å ta ut litt ferie i sommar og ein del av tida vil det nok vere ganske få på jobb. Derfor må du kunne vere ganske sjølvgåande -- men vi vil sjølvsagt jobbe tett med deg før vi ein etter ein stikk av på ferie. Om du har lyst på nokon veker ferie i juli er det ikkje noko problem.
Arbeidsoppgåver:-
Lage historier frå heile Nordfjord med studentar som er i sommarjobb
-
Vere med på stand på Malakoff
-
Bidra med idear til korleis vi kan bli endå betre på det arbeidet vi gjer for best å nå målgruppene våre
-
Har du eit eige prosjekt du gjerne kunne tenkt deg å satt ut i livet? Om det passar inn hos oss hadde det vore heilt supert!
-
Du har erfaring med innhaldsproduksjon og digitale verktøy -- det vere seg gjennom hobby, studie eller jobb
-
Du er kreativ, initiativrik og har eit godt blikk for visuell kommunikasjon
-
Du blir glad når du får ein high-five om morgonen
-
Du har lappen då det kjem til å bli ein del reising -- du får sjølvsagt bruke ein av våre bilar
-
Sommarjobb i 4 eller 5 veker -- kva veker er litt opp til deg men det må vere i månadane juni, juli eller august
-
Eit kreativt og sosialt arbeidsmiljø -- men vi håpar du kan utfordre oss på korleis vi skal nå studentar i kommunikasjonen vår
-
Fleksibel arbeidsstad i vakre Nordfjord -- dei som jobbar mest med dette sitt på kontoret i Stryn og derfor må du vere her ein del i starten av sommarjobben
Er dette noko for deg? Send oss ein søknad og fortel kvifor du vil jobbe med oss i sommar!
Om det er noko du lurer på er det berre å ringe Tonje på 940 57 325 eller sende ein e-post på tonje(a)nordfjordkompaniet.no
#sommarjobb #sommarjobbivest
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nordfjordkompaniet er ein paraplyorganisasjon som jobbar for å gjere Nordfjord suprare ved å følgje ungdomane våre frå barnehage til tidleg jobbkarriere. Vi samarbeider tett med private bedrifter, kommunar, skuleverket, organisasjonar, fylkeskommune, stat og ikkje minst foreldra, for å skape ein heilskapleg støtte gjennom ungdomane si utvikling. Saman gjer vi Nordfjord suprare!
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2938416
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e19c12fc-72e5-42db-a053-0bca6e496308