Sosionom
Nordfjord psykiatrisenter, Seksjon dag, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Sosionom/behandlar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 9. mai
Vi er eit distriktspsykiatrisk senter som gjev allmennpsykiatriske tenester til innbyggjarane i Nordfjord. Vi har omlag 100 tilsette fordelt på 3 seksjonar. Seksjon dag har ansvar for det polikliniske behandlingstilbodet.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering, utgreiing og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengnad
- Behandling ut frå den einskilde pasient sine behov
- Vi legg vekt på brukarmedverknad
- Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
- Samhandling med pårørande
- Ein må rekne med noko reiseverksemd og ambulerande arbeid
- Turnus (årsarbeidsplan) som inkluderer heimevakter
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning som sosionom
- Klinisk erfaring med arbeid med rusavhengnad, psykiske lidingar og psykisk utviklingshemming. Erfaring som individualbehandlar i Psykisk helsevern vert vektlagt
- Førarkort klasse B
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Evne til å skape gode relasjonar
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel og evne til å vere løysningsfokusert
- Evne til å prioritere oppgåver i ein hektisk kvardag
- Lyst til å utvikle deg saman med oss
- Personleg eigna vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
- Triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Børre Taklo, Seksjonsleiar, (+47) 90736303Arbeidssted
Sjukehusvegen 96770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4947366758
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Børre Taklo
Seksjonsleiar
(+47) 90736303
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2924152
- Hentet fra
talentech
- Referanse
70789dbdf8aa4b3b96343f8072dac3bd