Seniorrådgivar - økosystem skog
Miljødirektoratet
Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
Om jobben
- Stillingstittel
- Seniorrådgivar - økosystem skog
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Om stillinga
Miljødirektoratet jobbar for økosystembasert forvaltning av skog. Dette inneber bruk av tverrfagleg kunnskap, kjennskap til samanhengane mellom samfunn og miljø, og samordning av verkemiddelbruk mellom dei sektorane som påverkar økosystemet. Stillinga er knytt til eit spennande og komplekst saksfelt under stadig utvikling, og vil omfatte mykje samarbeid på tvers, både internt i direktoratet og med andre sektorar.
Stillinga ligg i seksjon for framande artar og internasjonal handel, som er ein av seks seksjonar i vann- og kunnskapsavdelinga. Seksjonen har i tillegg til å ha det koordinerande ansvaret for hovudøkosystemet skog, ansvar for oppfølging av regelverk for framande organismar og utanlandske treslag. Vi har òg ansvar for arbeidet med internasjonal handel med trua artar, genetiske ressursar og genmodifiserte organismar.
Seksjonen har medarbeidarar både i Trondheim og Oslo. Denne stillinga har kontorstad på Brattøra i Trondheim.
Hovudansvarsområda til stillinga
- seksjonen sine oppgåver knytt til koordineringsansvaret for hovudøkosystem skog
- oppfølging av forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål
- samarbeid med skogsektoren om miljøomsyn i skogbruket
- prosjektarbeid i skjeringspunktet skog, klima og naturmangfald
- vurderingar og oppfølgingar når det gjeld kunnskapsbehov for skogområdet
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar- relevant høgare utdanning på masternivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om utdanning på masternivå.
- du har relevant arbeidserfaring og kompetanse på skog
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- erfaring frå arbeid i offentleg forvaltning vil leggjast vekt på
- erfaring med prosjektleiing teljar positivt
- god kjennskap til digital datahandtering (inkludert GIS) er ein fordel
- du har gode evner til samarbeid og relasjonsbygging internt og eksternt
- du er fagleg trygg og har god rolleforståing
- du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne leveransar
- du er strukturert, utviklingsorientert og har god arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- fast stilling som seniorrådgivar med lønn i lønnsspennet frå kr. 640 000 - 880 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkarar kan vurderast høgare.
- ein spennande og utfordrande jobb i eit direktorat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Inger Mari Eggen, tlf. 957 43 085 eller e-post inger.mari.eggen@miljodir.no, eller fagdirektør Linda Dalen, tlf. 930 14 020
Oppgi referansenummer 81-2025 VFR når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim, Oslo Svolvær og Tromsø, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidstilsette rovviltkontaktar over heile landet.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Sjå alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e1708dfd-0c43-4984-ae1c-107dca0e5684
- Sist endret
31. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268755
Lignende annonser
Rådgiver anskaffelser
Arbeidsgiver
Miljødirektoratet
Sted
Trondheim
Arbeidsgiver
Malvik kommune
Sted
Hommelvik
Arbeidsgiver
Statsforvalteren i Trøndelag
Sted
Trondheim, Steinkjer