Nyhagen aktivitetssenter
Voss herad Nyhagen
Bjørnshovden 19, 5708 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vil du arbeide med aktivitet og menneske?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskje medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møta framtidas utfordringar ynskje me å satsa betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Om avdelingaNyhagen aktivitetssenter er eit dagtilbod for personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Ved dagsenteret får ein tilbod om ulike arbeidsoppgåver, uteaktivitetar og sosiale aktivitetar. Me har fokus på fysisk aktivitet, trivsel og ein god plass å vera. Dagsenteret har lokale med gode turmogleheiter på Bordalen. Dagarbedstid med fri i helg og heilagdagar. Er du kreativ og likar å tenkja nytt så er dagsenteret vårt den rette plassen for deg
Kvalifikasjonar- bistå brukar i daglege oppgåver ved dagsenter
- skapa tryggleik og struktur
- tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for brukar på alle områder. Me legg vekt på brukardeltaking og god kontakt med pårørande. Tilsette har fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp
- alle brukarane har tiltaksplanar og dokumentasjon skal gjerast i fagprogrammet Gerica. Du vil få opplæring i å nytta dataverktøy
- evne til å tileigna seg ny kunnskap og lika faglege utfordringar
- ansvarsbevisst og sjølvstendig
- gode samarbeidsevner
- løsningsfokusert og positiv, ha ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- du må kunna arbeida målretta, vera uthaldande og trygg
- meistrar skriftleg og munnleg norsk
- vere ein god kollega og kunne arbeida i team
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2791378
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3427105_213081_nn